Fleire vurderer aktivitetsplikt
Fleire kommunar i Hallingdal vurderer å innføre aktivitetsplikt.
Som ein kunne lese i Hallingdølen 21. juni har Gol innført krav til dei som skal ta imot økonomisk sosialhjelp, med suksess både for kommuneøkonomien og den enkelte stønadsmottakar.
Fleire kommunar i Hallingdal vurderer å innføre dette.
Artikkelen held fram under annonsen.
– I Gol er det løyvd midlar til oppfølging av aktivitetsplikt. Ingen andre kommunar i Hallingdal har gjort det til no, men me jobbar aktivt med å finne ein måte å løyse dette på også i Hemsedal, seier Janne Brøndbo, ved NAV-kontoret til Gol og Hemsedal.
I tillegg til at Hemsedal har ønske om å innføre aktivitetsplikt så snart som mogeleg, er også andre NAV-kontor i gang med liknande prosessar.
Hallingdølen vil samstundes få presisere at Janne Brøndbo ikkje jobbar spesielt for NAV i Hemsedal, slik artikkelen tysdag kunne gi eit inntrykk av. Dei to NAV-kontora vart slått saman i 2013. I dag jobbar dei tilsette på tvers av kommunegrensene.