Med snøfallet siste veka var det perfekte forhold på Solseter.
Med snøfallet siste veka var det perfekte forhold på Solseter.

Skiglede på blåføre

Rekrutteringa til skisporten er det ingen ting i vegen med.

Solseter tysdag kveld: Vaffellukta heng over skistadion som lokkemat til skiløparane.

Ute i lysløypenettet går 100 unge skiløparar, dei minste er tre-fire år, tysdagsrenn. Dei går utan startnummer og utan tidtaking, men med blå ekstra under skia er det ein perfekt kveld for skigåing. Utlendingane søker svaret på kvifor Norge dominerer i skisporet. Dei kunne kome hit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Går for pokal

Syskena Malin og Sindre Nordreli er to av mange som stilte på Solseter tysdag kveld.

På det flotte blåføret gjer dei seg klare til å gå to-kilometeren saman med faren. Forrige helg vart tysdagsrennet avlyst på grunn av kulda. No er det endeleg renn att.

– Det er artig å gå på ski. Me går mange av renna i sesongen, og me har planar om å gå alle renna denne sesongen, seier dei medan dei tek på seg skia.

Og målet med renna anna enn at det er morosamt å gå på ski? Under sesongavslutninga blir det delt ut pokalar etter kor mange renn dei har gått.

– Me vil ha pokal, slår dei fast, og legg i veg.

Stor interesse

Skigruppa i Gol idrettslag arrangerer elleve tysdagsrenn denne sesongen.

Interessa er stor. I fjor var det i gjennomsnitt 100 med i kvart renn. Då rekneskapen vart gjort opp etter sesongen, stod 171 namn på deltakarlista. I år har det ikkje vorte færre. Og det er ikkje berre ungane som går. Her er det ingen aldersgrenser. Tysdagsrenna har vorte ein familiekveld i løypa. Deltakarane går ein valfri runde på ein, to eller fem kilometer. Mange er også innom skileikanlegget undervegs.

Og etterpå er det varm saft og vaffel.