Håvard Bøkko berga fjerdeplassen i EM. (Arkivbilete)
Håvard Bøkko berga fjerdeplassen i EM. (Arkivbilete)

Berga fjerdeplassen i EM

Håvard Bøkko (28) vart nummer fire samanlagt i EM på skøyter i Minsk.

Håvard Bøkko (28) vart nummer fire samanlagt i EM på skøyter i Minsk.

Bøkko låg på fjerdeplass etter fyrste dag og beheld fjerdeplassen med klar margin etter sundagsløpa. Men han var eit godt stykke bak dei tre medaljevinnarane Kramer, Swings og Blokhuijsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Håvard vart nummer 10 på 1500 meter på 1.48,87 og nummer fire på 10000 meter på 13.35,21 sundag. Med det sikra han seg ein klar fjerdeplass samanlagt.

Sindre Henriksen vart nummer 8, og Ida Njåtun nummer 6 i dameklassen.