No blir det sprint-NM på heimebane for Håvard Bøkko.
No blir det sprint-NM på heimebane for Håvard Bøkko.

Bøkko på fjerdeplass i EM

Håvard Bøkko (28) ligg på fjerdeplass etter fyrste dag av EM på skøyter i Minsk.

Håvard Bøkko (28) ligg på fjerdeplass etter fyrste dag av EM på skøyter i Minsk.

Håvard starta meisterskapet med ein relativt svak 500 meter laurdag. Han vart nummer seks på distansen på tida 36,63.

Artikkelen held fram under annonsen.

På 5000 meter gjekk han eit betre løp og vart nummer fire på 6.31,62. Men han var 12 sekund bak suverene Sven Kramer som leiar klart etter fyrste dag og ser ut til å ta ein ny EM-tittel.

Håvard er nummer fire halvvegs i meisterskapet. Avstanden fram til nederlendaren Blokhuijsen og belgiaren Swings Ser ut til å vera i største laget til at Håvard kan kjempe om meisterskapsmedalje.

Sverre Lunde Pedersen som var Norges største medaljehåp, vart sjuk og måtte stå over. EM-debutant Sindre Henriksen ligg på åttandeplass,

EM held fram med 1500 meter og 10000 meter sundag.

I dameklassen er Ida Njåtun nummer 5 etter to distansar