Nyttårsynskje for kva me er i 2016

Kanskje me i nyeåret skulle interessere oss litt mindre for kva me har, og litt meir i kva me er?

Mange av oss har alt – men ingenting å ha det i! Som Sokrates seier det: «Godt at det er så mange ting ein kan klare seg utan». Er me i ferd med å danse for mykje rundt gullkalven og brenne ut?

Artikkelen held fram under annonsen.

La oss heller satse enno meir på medmenneskeleg omsorg. Ein får meir av det til meir ein deler med andre, og det skapar ukjent livsglede.

Eit godt nytt år!