Svar til «Sannheten om skattekontoret»

Me har eit aktivt næringsliv i Hallingdal. Dette kom klart fram på det opne møtet Senterparti-laga i Hallingdal arrangerte.

Høgre og Framstegspartiet valde diverre ikkje å kome. Det burde dei ha gjort slik at dei enkelt kunne forstå næringslivets utfordringar når skattekontoret flyttar frå Gol til Leira. Grunnleggjande geografikunnskap er også kjekt. Det er langt å reise frå for eksempel Geilo og Flå til Leira. Skattekontoret på Gol hadde i fjor over 6000 innom kontoret. Dette dreier seg om mykje meir enn 10–12 statlege arbeidsplassar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Næringslivet og me som bur i Hallingdal treng effektive tenester. Ikkje rart det blir fatta mange uforståelege vedtak når dei som har makta ikkje set seg inn i sakene i sin iver med å sentralisere.