Ingen passasjerar kom til skade då ein buss bles av vegen på Hemsedalsfjellet onsdag. Bussen var heller ikkje meir skadd enn at han kunne køyre vidare etter bilberging. (Illustrasjonsfoto)
Ingen passasjerar kom til skade då ein buss bles av vegen på Hemsedalsfjellet onsdag. Bussen var heller ikkje meir skadd enn at han kunne køyre vidare etter bilberging. (Illustrasjonsfoto)

Buss blåste av vegen

Ein buss blåste av vegen på Rv52 onsdag ettermiddag. Ingen vart skadd.

Politiet fekk melding om bussvelten kl. 1242 onsdag. Meldinga gjekk då på at ingen hadde kome fysisk til skade. Alle passasjerane vart skyssa vidare med andre bussar.

Då bilberginga tok til i 1430-tida vise det seg at bussen også var køyrbar, melder politiet på Twitter.