Slik ser det ut på baksida av det gamle hotellet. Politibanda er tydelege teikn på den alvorlege situasjonen.

Naboar fortvilar: – Me håpar bygget blir selt så raskt som mogleg

Naboane til nedstengde Ustaoset Hotell håpar leilegheitsbygget får nye eigarar.

Styreleiar Jarle Odland i Ustaoset Resort Sameie, som er nabobygget i bakkant av den stengde bygningen, meiner saka er forferdeleg for heile Ustaoset.

– Me håpar bygget blir selt så raskt som mogleg, og at dei som kjøpar det har pengar til å gjennomføre rehabiliteringa. Det er ikkje bra viss det blir ståande slik. Det ser ikkje ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jarle Odland, er styreleiar i Ustaoset Resort Sameie. Arkivfoto

– Som vanleg

Ustaoset Resort Sameie og Sameiet Hallingskarvet Appartement ligg vegg i vegg med den gamle hotellbygningen som vart bygd om til leilegheiter i 2006/2007.

Naboane kan bruke sine leilegheiter.

– Me kan bruke leilegheitene som vanleg med dei restriksjonane som er. Det er eit mellombygg mellom hotellet og vårt bygg, kor det er eit sosialt rom. Det kan me ikkje bruke. Det er stengt. Alt det andre kan me bruke, seier Odland.

Les også
Dette er historia om krisehotellet: – Søyler har skeivstilling på seks-sju centimeter over ein etasje

Han seier dialogen med Hol kommune, brannvesen og politi har vore god etter naboeigedommen vart sperra av 19. desember.

Mellom anna har dei overteke straummålaren og fellesvatnet er teke hand om.

– Alt det praktiske er lagt til rette, seier Odland.

Les også
30 eigarar mista leilegheitene - no varslar banken tvangssal
Sameiet Hallingskarvet Appartement kan bruke sine leilegheiter som vanleg. Bygget til venstre vart oppført i 1987.

Konkurs

Det er éin månad sidan Hol kommune sperra av gamle Ustaoset Hotell. Då hadde Ustaoset Borettslag AS meld oppbod nokre dagar tidlegare. Burettslaget hadde leilegheiter med 30 eigardelar i andre til fjerde etasje, men hadde vore stengt for bruk sidan i sommar.

Les også
Sit att med milliontap etter kollapsen av eit vinterparadis: – Me skulle feire jul der oppe

Bakgrunnen for konkursen var rapportar frå Multiconsult som viser at berande konstruksjonar har kritiske svakheiter som i verste fall kan føre til at bygget kollapsar. Den estimerte prislappen for utbetringane er 30 millionar kroner, og det var ein pris burettslaget ikkje kunne bere.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dermed sit eigarane att med eit milliontap. Leilegheitene kan bli lagt ut på tvangssal, slik Hallingdølen skreiv sist veke.

Hypotesane er at utbyggingar i fleire omgangar til saman har påført bygget skadene. Men Multiconsult har ingen konklusjon på når problema har oppstått og kvifor dette er kjent først no.

– Nei, det blir spekulasjonar. Dette er sett saman av fleire utbyggingar i fleire epokar. Og bebuarar i plan to har ikkje registrert nemneverdige skader, sa seksjonsleiar Tom Ingebrigtsen til Hallingdølen laurdag.

Dette er saka

* Hol kommune avgjorde 18. desember å legge ned bruksforbod på bygget som var gamle Ustaoset Høyfjellshotell fordi pålagde sikringstiltak ikkje var gjennomført.

* Multiconsult har avdekt «betydelege avvik» i den berande konstruksjonen og det er fare for personsikkerheit.

* Problema vart oppdaga i fjor sommar då vart avdekt feil i eit sprinklaranlegg. Det førte til at feil i konstruksjonen vart oppdaga.

* 19. desember vart bygget sperra av og det vart oppretta sikringssone.

* Bruksforbodet gjeld til tilstrekkeleg sikring er dokumentert.

* Det var Ustaoset Borettslag AS som eigde bygget saman med Ustaoset Leiligheter 1—8 AS.

* Leilegheitene i andre til fjerde etasje var eigd av burettslaget. Burettslaget melde oppbod 10. desember.

* Danske Bank er største panthavar. Dei har varsla tvangssal.

* Vegg i vegg ligg Ustaoset Resort Sameie og Sameiet Hallingskarvet Appartement. Dei er ikkje direkte råka.

– Ingen kommentar

I det stengde bygget er det Ustaoset Leiligheter 1—8 AS som eig kjellaren og første etasje med mellom anna den gamle resepsjonen, spisesal og kjøken.

Så langt Hallingdølen kjenner til, har selskapet hatt planar om åtte leilegheiter her. Kva som skjer no, er heilt uvisst.

Selskapet er registrert i Kristiansand, og Hallingdølen var i kontakt med styreleiar Josef Flatebø Schlezinger måndag med spørsmål om korleis dei no arbeider når etasjane dei eig er sperra av.

– Dette har eg ingen kommentar til, svara han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjellar og første etasje er eigd av Ustaoset Leiligheter 1—8 AS. Kva som skjer her, er uvisst.