Gol kommune skal bygge ny barnehage ovanfor Gol skule, ved gangvegen som går opp til bustadfeltet i Petterbråten.

Riktig satsing på familiar og småfant

Politikarane i Gol har tenkt stort, og er samde om barnehage med seks avdelingar i sentrum. Vedtaket om å setje av 146 millionar kroner over tre år, er truleg den største barnehagesatsinga i Hallingdal nokon gong.

Barnehagen skal ligge nord for Gol skule, der det går gangveg opp mot bustadfeltet i Petterbråten. Plasseringa ved skule, samfunnshus, idrettsanlegg og utandørs aktivitetsområde, er også sentral og praktisk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når mykje ligg i same område, lettar det transporten for familiar med barn både inn mot skule- og barnehagetid, og til aktivitetar etter skuletid. Hallingmo vil i åra om kjem stå endå sterkare som nav i oppvekstmiljøet i Gol.

Les også
Full støtte til storutbygging: – Me vil ha utvikling og vekst

Golingane har gjennomført fleire reale satsingar på barn og unge dei siste åra. Gol skule var eit storlyft, som har synt seg svært vellukka. Idrettshallen i same område, eit anna. Vidare blir uteområda nedover mot sentrum stadig meir attraktive, både for små og store.

Barnehageprosjektet, som no er vedteke, føyer seg inn her. Bygging av seks avdelingar heilt frå starten, i staden for å vente med dei to siste, er ei spenstig satsing. Det syner tru på framtida, og ansvar for veksten i folketal, som det blir lagt opp til.

Framsynt er det også å bygge lokale faste avlastingsplassar for barn og unge i tilknyting til barnehagen. Tilbodet kan nyttast av ulike etatar, som arbeider med barn og unge.

Avdelinga for avlasting er tenkt bygd svært fleksibel. Dermed kan bruken av desse justerast etter behovet. Lokala her vil i hovudsak blir brukt etter skule- og arbeidstid.

Les også
Kostnadssmell for framtidas barnehage - alle alternativa sprengjer ramma

Avlasting til foreldre, som har eit særleg tyngande omsorgsansvar, er dessutan lovpålagt. Det løyser dermed ut tilskot frå staten, noko som lettar det økonomiske presset på kommunen ved denne utbygginga.

Ekstra gledeleg er det at vedtaket vart samrøystes. Også Senterpartiet kom til at det er sjeldan det løner seg å bygge for lite. Vidare er det er viktig at alle tek ansvar, når summane blir så store, som i dette tilfellet.