Politibanda sperrar av bygget og snøen føykar og legg seg i inngangspartiet.

Dette er historia om krisehotellet: – Søyler har skeivstilling på seks-sju centimeter over ein etasje

Utbyggingar i tre ulike tiår kan vere årsaka til øydelagd beresystem i gamle Ustaoset Hotell. – Det er gjort mange underlege handverksmessige grep, seier seksjonsleiar Tom Ingebrigtsen i Multiconsult.

Ingebrigtsen har utført kontrollane og skrive rapportane som ligg til grunn for at Hol kommune 18. desember stengde leilegheitsbygget for all bruk.

Kommunen fryktar bygget kan kollapse. 19. desember vart gamle Ustaoset Hotell sperra av.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då var Ustaoset Borettslag AS alt konkurs og 30 eigarar, mange av dei med over 20 år bak seg i bygget, flytta ut av leilegheitene. Til saman har dei tapt fleire titals millionar.

Som Hallingdølen skreiv denne veka, tyder mykje på at Danske Bank som største panthavar krev leilegheitene lagt ut på tvangssal.

Saka er heilt spesiell og er blant dei største eigedomsskandalane i Hallingdal nokon gong.

Men kor gjekk det gale?

På gamle fundament

Det er det faktisk ingen som heilt veit enno. Multiconsult har etter arbeid i Hol kommunes arkiv ikkje funne konstruksjonsteikningar. Her ligg berre arkitektteikningar.

– Mykje er bra i bygget, med gode rømmingsvegar via trapper og åtskilt med ordentlege dører. Men så er det mykje som er dårleg, dessverre. Det er gjort inngrep i det originale beresystemet og ein god miks av beresystem, fortel Ingebrigtsen.

Klar melding: Adgang forbode.

Han seier vidare at beresystemet er skada i ei rekkje område.

– Me har kontrollrekna og funne at det blir overbelasta. Det ser ein også på bygget. Det er lokalt store nedbøyingar. Søyler har skeivstilling på seks-sju centimeter over ein etasje.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men de har ingen konklusjon på når problema har oppstått og kvifor dette er kjent først no?

– Nei, det blir spekulasjonar. Dette er sett saman av fleire utbyggingar i fleire epokar. Og bebuarar i plan to har ikkje registrert nemneverdige skader.

– Er ein del av fundamenta frå den opphavlege hotellbygningen i 1909?

– Ja, det kan ein sjå på dimensjonar i kjellaren. Men bygget står godt på fundamentet, det er ingen skadar i kjellaren. Her vart det gjort ein god jobb i sin tid. Me finn ikkje skader i veggpuss, kvaliteten er god.

Dette er saka

* Hol kommune avgjorde 18. desember å legge ned bruksforbod på bygget som var gamle Ustaoset Høyfjellshotell fordi pålagde sikringstiltak ikkje var gjennomført.

* Multiconsult har avdekt «betydelige avvik» i den berande konstruksjonen og det er fare for personsikkerheit.

* Problema vart oppdaga i fjor sommar då vart avdekt feil i eit sprinklaranlegg. Det førte til at feil i konstruksjonen vart oppdaga.

* 19. desember vart bygget sperra av og det vart oppretta sikringssone.

* Bruksforbodet gjeld til tilstrekkeleg sikring er dokumentert.

* Det var Ustaoset Borettslag AS som eigde bygget saman med Ustaoset Leiligheter 1-8 AS.

* Leilegheitene i andre til fjerde etasje var eigd av burettslaget. Burettslaget melde oppbod 10. desember.

* Danske Bank er største panthavar. Dei har varsla tvangssal.

* Vegg i vegg ligg Ustaoset Resort Sameie og Sameiet Hallingskarvet Appartement. Dei er ikkje råka, men fekk varsel om mogleg opphøyr av bruk. Årsaka er branntryggleik.

Les også
Sit att med milliontap etter kollapsen av eit vinterparadis: – Me skulle feire jul der oppe

Funkisstil

Hypotesane er at utbyggingar i fleire omgangar til saman har påført bygget skadane. Så kor starta det?

Hallingdølen har gått gjennom eige avisarkiv og funne tre utbyggingar som ligg til grunn for slik bygget står i dag.

Men først litt historie: Hotellet vart raskt den store overnattingsbedrifta tidleg på 1900-talet. Bygget ruva med Bergensbanen som nabo og trafikkdrivar, særleg etter at Ustaoset stasjon opna i 1913. I klassisk utsjånad og med fasjonabel drift var hotellet kjend utover landets grenser.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ustaoset Høyfjellshotell 1931.
To majestetar på Ustaoset: Høgfjellshotellet og Hallingskarvet.

1930-åra var glansperioden under Harald Stanges leiing. Også han bygde ut og fornya. Kongen av Siam budde her i to veker fast i fleire år og kunstløpdronninga Sonja Henie heldt oppvisning her i 1931. Turistane strøymde til og talet på hytter nådde 200.

Etter andre verdskrig vart det verre. Hotellet var tungdrive, og Stange selde i 1950. Då hadde han tapt pengar kvart år.

I 1965 gjorde endå ein eigar, Ragnar Fredriksen, alvor av å selje. Den utløysande årsaka var eit lite heldig utbrot av gulsott etter at hotellet pumpa opp vatn frå same stad som kloakken gjekk ut. Erstatninga til gjestene kom på 85.000 kroner.

Den nye eigaren var den svenske forlagsmannen Gustav Reinert og A/S Norsk Faglitteratur. Og no vart ei ny og stor ombygging planlagt.

Dette prospektkortet viser korleis hotellet såg ut etter ombygginga på 1960-talet. Skilnaden frå det gamle høyfjellshotellet er stor.
Faksimile Hallingdølen 24. september 1968. Hotellet var opna i ny drakt.

Det var eit tidsskilje for hotellet, som vart bygd heilt om. Det vart utvida og bygd ut i funkisstil med flatt tak. Prislapp: Over ti millionar.

I september 1968 var det opning. Nytt var også vegkro med restaurant og kafeteria.

– Det gamle hotellet er ombygd så grundig at det må kallast nytt, refererte Hallingdølen

Bygd om

Fram til tidleg på 1980-talet, då med nye eigarar, var tidene gode. Men resten av 80-åra vart konfliktfylte med konkursar som truga.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 1987, i jappetida, skjedde noko som truleg er avgjerande for dagens situasjon. Då vart leilegheitsbygget Ustaoset Appartement bygd vegg i vegg med hotellbygningen.

Men det nye bygget utløyste eit nytt prosjekt på hotelldelen frå funkisbygget som opna 20 år tidlegare.

– Slik hotellet ligg i dag, med flatt tak og ikkje direkte forlokkande eksteriør, kjem det til å endre utsjånad til eit rausta bygg som utan tvil kjem til å gå finare inn i naturen, skreiv Hallingdølen.

Sommaren 1989 var eit tak på plass, før bygget slik det ser ut i dag stod klart sommaren 1990.

Denne biletserien viser korleis utbygginga gjekk føre seg:

Les også
Kommunen fryktar bygget kan kollapse - her blir bygget sperra: – Det er heilt forferdeleg

Hotelldrifta lagt ned

I 2006/2007 vart hotellet bygd om til leilegheiter etter at Myriad Næring AS med Karl-Aage Tvedt i spissen hadde kjøpt hotellet. Tvedt har ikkje svara på Hallingdølens førespurnad om kommentarar til denne saka.

– Hotellet skal gjerast til eit kombinert leilegheitshotell og velværesenter, skreiv Hallingdølen etter oppkjøpet.

I 2006 presenterte Hallingdølen også planane for nye Ustaoset Fjellandsby. Den skulle byggast på tre pilarar: Eit revitalisert Ustaoset Hotell, Fjellgaten på nordsida med skigate og nye leilegheiter og Karivollen med 30 leilegheiter og parkering under bakkeplan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prislapp: 200 millionar kroner.

Dei gedigne planane vart aldri noko av etter massiv lokal motstand og nei frå fylkesmannen. Men hotellet vart bygd om.

Tidlegare Ustaoset Høyfjellshotell har vorte til Ustaoset Resort, med 30 leilegheiter og ein restaurantdel. Faksimile frå Hallingdølen 3. april 2007

– Ny drift på Ustaoset, skreiv Hallingdølen 3. april 2007.

Hotellromma hadde vorte til leilegheiter i det som vart kalla Ustaoset Resort. Då hadde den tradisjonelle hotelldrifta vorte avvikla etter Skarverennet året før.

Tre etasjar med rom var bygd om til 30 leilegheiter etter ei investering på fleire titals millionar.

– Prisen har vore frå 1,3 til 2,5 millionar kroner, og kjøparane kjem i stor grad frå Vestlandet, skreiv Hallingdølen.

Les også
30 eigarar mista leilegheitene - no varslar banken tvangssal

Meir på baksida?

– For å unngå konflikt med reguleringsplanen vart det bygd på eksisterande murar, skreiv Kåre Olav Solhjell i boka Hol i hundre år om utbygginga i 2006/2007.

26. januar 2010 gav Hol kommune rammeløyve tilbygg/fasadeendring, og fylkesmannen avviste ein klage seinare på året. Fylkesmannen uttala at tiltaket kunne aksepterast etter plan- og bygningslova, og at innbygging av altanane ville medføre eit svært avgrensa tap av sollys.

Artikkelen held fram under annonsen.

Er det ein stad i desse ombyggingane opp gjennom historia, aleine eller kombinert, problema oppstod?

Ingebrigtsen kallar Hallingdølens funn interessante, men gjentek at det ikkje kan konkluderast kor og når problema har oppstått. Men han er interessert i tiltak og utbyggingar mot baksida.

Auka vekta

Ettersom det ikkje finst teikningar som viser beresystemet i bygget, er det kledd av innvendig på første plan. Der er det bokstaveleg tala avdekt lag på lag med skader.

I dei øvre etasjane er det gjort stikkprøver for å avdekke beresystemet.

– For eksempel er det støypt ekstra i samband med at det vart lagt varmekablar. Det gir vesentleg vektauke. Det er gjort på det gamle trebjelkelaget, kor det også originalt er fylt med sand, seier Ingebrigtsen.

Det er rekna med at minst 30 millionar kroner må til for å ruste opp bygningen før den kan takast i bruk att.

Han kallar ein del av det han har sett på som forhold langt utanfor det som er normalt å prosjektere.

– Og det er langt utanfor det ein kan kalle god handverksmessig praksis. Det er gjort så mange underlege handverksmessige grep, seier Ingebrigtsen.

Kan bygget rase? Etter at feila vart avdekt, vart det sett opp stålstøtter. Det var ikkje godt nok, og totalt må heile 1300 stålstøtter til for å sikre bygget. Sikringa ville koste 30 millionar, og det er ein prislapp burettslaget ikkje kunne ta.

Det er likevel på det reine at sjølv om bygget blir påført store laster, skal konstruksjonen bli ståande.

–Bygget tilfredsstiller i sin noverande form ikkje krav til konstruksjonssikkerheit etter plan og bygningslova. Dette gjeld spesielt for naturlaster som snø og vind, kor det er krav til verdiar som kan forventast éin gong per 50. år, seier Ingebrigtsen.