Ringeriksbanen: Blir det SV som tek kommandoen til våren?

SV varslar våroppgjer

Regjeringa har køyrd ei konsekvent linje i si handtering av Ringeriksbanen; dette er eit prosjekt Ap og Sp ikkje prioriterer. Spørsmålet no er om SV tek eit endeleg oppgjer med regjeringa, og på nytt støttar opposisjonen når Støre i vår kjem til Stortinget med ein plan for korleis Ringeriksbanen skal innlemmast i Nasjonal transportplan.

Buskerud-representant Kathy Lie (SV) går langt i signaliser at dette kan skje. Det skjedde på eit debattmøte om Ringeriksbanen på Hønefoss onsdag kveld. Lie var tydeleg på at viss regjeringa ikkje leverer i Ringeriksbane-saka, er ho og partiet open for å danne fleirtal med resten av opposisjonspartia, og slik sikre oppstart for prosjektet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I debatten på Hønefoss måtte Masud Gharahkhani (Ap) erkjenne at han og andre Buskerud-representantar ikkje har nådd fram i eige parti. Trass i Gharahkhanis garanti for Ringeriksbanen før sist stortingsval, har Ap og Sp vendt tommelen ned for banen.

Det skjedde alt i Hurdalsplattforma der dei to partia fjerna Ringeriksbanen som den fjerde armen i Inter City. Deretter følgde dei opp med to gonger å foreslå oppsplitting av prosjektet. Med andre ord; tre aktive handlingar i å skyve Ringeriksbanen ut i det blå.

Då regjeringa foreslo oppsplitting for andre gong, i samband med Nasjonal transportplan, fekk SV nok. Dei danna i staden fleirtal med opposisjonen og instruerte regjeringa til å ta Ringeriksbanen inn i planen.

No varslar dei at det same kan skje til våren.

For SV har Ringeriksbanen vore ei vond sak heilt sidan 1992, då partiet støtta Ap i stamvegvedtaket aust-vest mot lovnad om bygging av Ringeriksbanen. Sidan den tid har SV sete med Svarte-Per. No signaliserer ei mogeleg borgarleg regjering at dei raskt vil i gang med Ringeriksbanen viss dei kjem i posisjon. Det varsla «slaget» til våren kan dermed bli SVs siste sjanse til å setje sitt stempel på Ringeriksbanen, og siste sjanse til å kvitte seg med Svarte-Per ein gong for alltid.

Kathy Lie understreka i debatten at SV står samla bak Ringeriksbanen, og at partiet aldri vil gi opp. Samtidig er tolmodet med regjeringa syltynn. Me går med andre ord ein spennande vår i møte.