Arkivbilete.

Færre gullklokker er framtida

Ny jobb. Midt i livet? Kanskje til og med innan eit nytt fag? Petter Øyen Hauge i Gol er ein av dei som har teke steget. I Hallingdølen laurdag fortalde han om vegen til eit heilt nytt yrkesliv. Etter passerte 50.

Sogningen starta, som for svært mange andre frå heimtraktene hans, på Hydro i Årdal. Fagbrevet som støypar gav han ein trygg og attraktiv arbeidsplass, med gode utsikter til heider for langvarig tilsetjing.

Artikkelen held fram under annonsen.

Livet endra seg, og det vart industrijobb i Nesbyen og deretter lagerjobb på Gol. Ein deltidsjobb innan den kommunale omsorgstenesta førde han gradvis inn i ein ny sektor.

Nytt fagbrev, innan omsorgssektoren vart resultatet. Gol kommune og Buskerud fylke har ei ordning for vidareutdanning av dei som arbeider utan fagutdanning i denne kommunale sektoren.

Les også
Sette seg på skulebenken i 50-åra: – Eg skulle ønske eg hadde kome på at eg kunne jobbe med helse litt tidlegare

Petter tok ballen. Han tok opp fag. Hospiterte, og var på kurs. Fagprøva varde i to dagar. Belønninga var høgare løn, og meir ansvar. Pengar er ikkje alt i arbeidslivet. Ansvar og tillit har større betydning, enn me ofte tenker oss

Heldigvis lever me i eit samfunn som er opent for å ombestemme seg, og gå vidare i yrkeslivet. Ikkje berre oppover. Håpet om å klatre til høgare rang og stilling er berre ei side.

Mange ynskjer å flytte seg sidevegs i arbeidslivet. Over i eit anna fag eller til ein annan sektor. Det treng ikkje vera misnøye med jobben som dreg. Ynsket om andre utfordringar, og om å prøve noko anna er like viktig.

Samtidig ser me også at yrkeslivet blir lengre. Forventa levealder har auka svært mykje dei siste tiåra. Som konsekvens av dette har regjeringa foreslått at pensjonsalderen skal aukast med om lag eitt år per tiår.

Les også
«Årets jobbskapar» er kåra: – Eg er heldig som får ha ansvar for denne bedrifta

Endringane skal gjelde frå og med 1964-kullet. Det høyrer også med at tilsette i staten skal få arbeide til dei er 72 år. Det er grunn til å tru at grensa for kor lenge du kan krevje å behalde jobben i privat sektor, blir auka tilsvarande.

Endringane verkar rimelege for dei fleste. Jobb er livsinnhald, og auka levealder fører til at behovet tilgjengelege arbeidsår stig. Fleire leveår gjer også at behovet for tilsette, ikkje minst innan ein omssorgsektoren, aukar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eksempelet frå Gol syner kor viktig det er med eit omfattande, og raust, tilbod om vidareutdanning. Her i landet er me heldige. Me har gode ordningar, og liberale grenser, for kva slags utdanning den enkelte kan ta som vaksen.

Slikt blir det kanskje færre gullklokker for lang og tru teneste av. Det får så vere. Det som er viktig er at me får nytta liva våre til det beste både for oss sjølv og for menneska og samfunnet rundt oss.