Trøbbel for avisleveringa: Postkassene borte i snøhaugane – uråd å kome fram
Papiravisa til Hallingdølen blir forsinka i ein del område på grunn av uvêret.
Eit anna problem i tillegg er at mange stativ er heilt nedsnødde eller borte i snømassane etter brøyting. Distributørane ber difor folk sjekke om postkassa er synleg og råd å koma bort til.
Seint måndag kveld var det vanskeleg å kome seg rundt på vegane i øvre del av dalen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Då eg køyrde mellom Ål sentrum og Breie, var halve vegbanen føyka att, fortel Siss Høibjerg som køyrer ut aviser for Hallingdølen.
Då Hallingdølen snakka med henne litt før klokka 23 måndag, hadde dei måtta gi opp distribusjonen i Hol og Hovet.
– Det føyka så fælt at det var uråd å kome fram, fortel Høibjerg.
Etterpå ville dei gjera eit forsøk på å få ut avisene i Geilo-området, men utan å vite om det klarte det.
Det betyr at papiravisa kjem seinare enn normalt.
– Me ventar til på morgonen og prøver att då, fortalde distributøren.
I dei andre bygdene ville ein prøve å få ut avisene i løpet av kvelden og natta, men uvêret skaper vanskar. Abonnentar må derfor vere budd på seinare avislevering enn normalt.
Vil du lesa e-avisa finn du den ved å klikke her
Artikkelen held fram under annonsen.