Måtte steppe inn for kollega og ta tre gudstenester på rappen: – Det er definitivt mest ei glede
Det er dumt når presten blir sjuk på kyrkjeårets travlaste dag. Juleftan måtte prostiprest Ole-Jonny Lomme trø til for ein kollega som låg heime med oppkast.
Klokka 13.30 kima kyrkjeklokkene for dagens andre gudsteneste for Ole-Jonny Lomme. Då hadde han alt rekt å dele julebodskapen med nikkersfolket i Lykkja kapell i Hemsedal.
Han skulle halde tre preiker på rappen; litt som å springe maraton.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Lat oss feire håpet!
For ein prest er det neppe innanfor å bli andpusten av Jesusbarnet. I alle fall ikkje på juleftan.
– Korleis klarar du å nullstille mellom kvar gudsteneste?
– Eg må vel innrømme at eg juksar litt og held den same preika. Då blir det berre å vende permen tilbake til start igjen, smiler Lomme. Men heilt likt blir det likevel ikkje. For kvar forsamling har sin eigen energi som pregar ei gudsteneste. Når kyrkjelyden endrar seg, må også presten justere seg. Av og til måtte han også improvisere litt.
Lomme kunne fortelje at han skreiv preika med tanke på at han skulle vere prest i Ål i dag. Der ville det stått ei krybbe framme i kyrkja, ein fysisk gjenstand han kunne peike på, slik at også dei yngste i kyrkjelyden kunne halde tråden.
– Oj, her i Herad manglar visst krybba, så då får me berre late som, sa han og teikna ei imaginær krybbe med hendene i lufta. I preika snakka han om håp og fred i ei uroleg verd med utgangspunkt i historia om Maria og Josef som ikkje fann rom i herberget, og Jesus-barnet som vart fødd i ein stall og lagt i ei krybbe.
– Lat oss feire håpet. Det kan forandre verda! sa Lomme i avslutninga.
Dei teologiske poenga til presten gjekk kanskje hus forbi dei to søstrene på bakarste benk. Dei fann derimot god tidtrøyte i å teikne og fargelegge. Og, dessutan, få ting rommar vel meir håp enn blanke ark og fargestiftar?
Klar for neste post - svineribba
Ifølgje Statistisk sentralbyrå har gudstenestene på juleftan hatt ein solid dupp etter korona. For eitt år sidan viste kyrkjebøkene at det til saman kom 409.691 kyrkjegjengarar i norske kyrkjer på juleftan, ein tilbakegang på 26,4 prosent frå ti år tidlegare. Det var derimot lite som minte om kyrkjeleg fråfall i Herad kyrkje. Det var folk på galleriet og tett i benkeradene.
Artikkelen held fram under annonsen.
Og dei som kom, fekk marinert seg i flotte julesongar, med Justin Vickery på orgelkrakken og fløytespel frå Linda Krydsby. Gudstenesta vart oppskriftsmessig avslutta med Deilig er jorden.
Herman Schistad var ein av dei som i år gjorde sitt for å løfte besøkstala på julegudstenesta.
– Dette var faktisk første gong for min del. Ei fin oppleving som bidrog til å setje stemninga, seier han. Ute på kyrkjetrappa var det berre å omstille skallen og lade opp til neste post - svineribbe og feiring med svigerfamilien på hytta.
Ut på siste etappe
Og etter at siste kyrkjegjengar var ute av porten ved Herad kyrkje, kom presten halsande etter. No var det berre å hoppe i bilen og frese opp bakkane til Gol kyrkje.
– Er dette ein dag du gler deg til eller er det ein dag som mest handlar om å tørke sveitten?
– Eg har lyst til å seie begge delar, men det er definitivt mest ei glede. Eg har gledd meg til jula, heilt sidan før me starta med advent.
– Når løyser du snippen og let julefreden senke seg?
– Eg løyser nok snippen i bilen på veg heim etter siste gudstenesta. I kveld får eg besøk av mamma og bestefar. Då blir det familiejul i Leveld, seier Lomme og helsar god jul på veg til ut på dagens siste etappe.
Artikkelen held fram under annonsen.