Håpet om fred

Eigentleg skulle me i dag skrive her; «I ettermiddag senkar julefreden seg, og alt er såre vel.». Var det berre så vel. For eitt år sidan nytta me denne plassen til å håpe på fred både i Gaza og i Ukraina. Etter den tid har Libanon også vorte herja av krig.

Og dette er berre i den delen av verda, som me her nord fylgjer med på frå dag til dag. Dusinet av andre små, og store, krigar, i det som for oss er meir fjerne delar av kloden, kjem i tillegg. Dei når ikkje fram til oss.

Artikkelen held fram under annonsen.

Likevel gir me oss ikkje på håpet om fred, og ei betre verd. Tvert i mot. Det skulle berre mangle. Her i trygge nord har me råd til å koste på oss håpet om ei fredelegare verd.

Dersom me her i Norge ikkje har dette håpet, kven skal då ha det?

Håpet om ei betre og fredelegare verd, har stått stødig her i landet i meir enn 100 år. Også i adskilleg trongare tider enn dei me opplever no. Dei fyrste misjonsforeiningane i Norge, vart etablert i 1820 åra. Målet med desse var å skapa ei betre verd gjennom tru, kunnskap og materiell hjelp.

Les også
Følgjer bombedramaet i heimlandet: – Vaknar 100 gonger om natta og sjekkar telefonen

Trusorganisasjonane var lenge åleine på denne banen. Den verdslege bistanden, norsk statleg utviklingssamarbeid, starta i 1952 med Stortingets etablering av Fondet for hjelp til underutviklede land.

26. Juni 1945 var Norge ein av dei 50 statane som skreiv under FN-pakten. Nordmannen Trygve Lie var den fyrste generalsekretæren. Me reknar oss difor som ein av grunnleggarstatane bak den framleis tyngste verdsomspennande organisasjonen for fred og utvikling.

Likevel blir det ikkje fred og forståing. Ikkje ein gong på julaftan. Dagsrevyen kjem til å melde om nye bomber som har falle.

Les også
Takksame for julefreden i Norge: – Stundene me har saman er meir dyrebare

Skal me ta det personleg? Ta det inn over oss? Korleis skal me i så fall ta elendet inn over oss? Der kjem håpet inn. Me gir oss aldri på håpet om ei fredeleg og betre verd. Tvert om. I kveld styrer me både tankane, og handlingane våre, mot håpet om ei betre verd for alle.

God Jul

Artikkelen held fram under annonsen.