Juletide

Julefeiring gjennom tidene er eit samansurium av eldgammal, norrøn gudetru, heidendom frå Romerriket, kristen feiring og i våre dagar ei vriding mot det kommersielle.

Ordet jul kjem frå det norrøne ordet jól, og det att viser til jólablót som var eit anna namn på midtvinterdagen. Den var opphaveleg ein heidensk offerfest som vart feira rundt 12. januar og var ei markering av at no var ein komen halvveges mellom fyrste vinterdagen og fyrste sommardagen.

Ikkje fortel Bibelen, og heller ikkje seier tradisjonen noko om kva tid på året Jesus vart fødd. Det me veit ut ifrå Bibelen, er at Jesus føddest medan Herodes den store var konge. Men han døydde i år 4 før Kristi fødsel. Når ein ikkje eingong har funne fram til rett årstal, er det ikkje å vente at ein har funne rette dagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kyrkjemøtet

I år 325 fastsette kyrkjemøtet i Nikea 25. desember som minnedag for Jesu fødsel. I Roma rekna dei 25. desember som vintersolkverv, og den dagen hadde dei feira solgudens fødselsdag. Dei la Jesu fødselsdag til ein dag som allereie var ein fest- og høgtidsdag, og endra innhaldet frå å vera ein solkultus til å bli ein kristen høgtidsdag.

I Norge var jula ei spesiell høgtid så langt tilbake i tid som i eldre jernalder, mellom 500 f.Kr. og 600 e.Kr. Her i landet vart det gjort nett som med solfesten i Romerriket, dei innpassa den kristne feiringa som erstatning for jólablót. Håkon den gode bestemte på 900-talet at jul skulle feirast 25. desember, same dato som den kristne høgtida vart feira over heile Europa. Å få stoppa det heidenske offerritualet var ein viktig del av den politiske prosessen med å kristne Norge. Og med dette overtok den kristne høgtida det gamle namnet jul.

Blot

Det gamle, norrøne midtvinterblotet er den eldste julefeiringa ein kjenner til. Innskrifta på ein smykkeamulett funnen i ei kvinnegrav i Audnedal i Agder, datert til 500-talet e.Kr., kan fortelja litt. Ei forklaring av innskrifta er at den fortel om «kornnek-krafta», krafta som ligg til grunn for alt liv i naturen. Juleneket, som er fast i vår julepynt­-tradisjon, symboliserer difor fruktbarheit. Øl er laga av korn. I sagaen om Håkon den gode står det at kongen har sett inn i lova kor mykje kvar bonde skulle ha av øl for å drikke jul. Seremoni med drikking av øl hadde vore eit fast innslag i julefeiringa i heidensk tid. Drikkeskikken vart ført vidare med kristendommen. Likskapen mellom heidensk og kristen skikk er påfallande. Gulatingslova knytte den heidenske skikken med å «drikke jul» til regelen som sa at «ølet skal signast til takk for Kristus og Santa Maria, til godt år og fred». I staden for til Odin og Tor og dei andre avsette gudane.

Skikken med å strø golvet med halm heldt seg til rundt år 1800. Det har sin bakgrunn i at julenatta gav folket i huset frå seg sengene sine til hittfolket og låg sjølve i halmen på golvet. Og dei let maten stå på bordet og lyset brenne heile julenatta.

Gåveutdeling ved nyttår er kjent frå sagalitteraturen. I løpet av mellomalderen var utdeling av gåver flytta til jul. Gåvene kunne vera gjensidige eller almisser til dei fattige. Gåver spesielt til barn er lite omtala.

Treet

Fyrste bruken av juletre skriv seg frå Tyskland på 1500-talet. Juletre vart populært blant lutheranar fordi det vart mislikt i den katolske kyrkja. I Norge blir det fyrste juletreet omtala på 1820-talet. På 1900-talet hadde skikken spreidd seg, fyrst i byane, men etter kvart også til bygdene og vart vanleg i alle heimar med barn. Når ein fann på å ta eit tre inn i stua, må grunnen ha vore at det representerer det levande, sjølve livet, og ved å gå rundt treet heidrar ein skaparen av livet. Dessutan er grønt, attåt raudt, jula sine fargar.

I seinare år har ekte juletre for ein del vorte erstatta av «tre» av plast. Vel, det dryss ikkje, og det er grønt. Nokon synest plast er greitt, andre er sterkt imot å blande plast og høgtidsstemning.

Førjulstida er tida da ein gjer juleførebuingar, som kjøp av julegåver, pynting, kakebakst og matlaging. Det er ulike meiningar om kva tid førjulstida begynner. Dei som skal tene pengar på julehandelen, ser gjerne at den begynner tidleg, kanskje alt i oktober. Og dermed er me midt inni kommersialiseringa av jula. Julefeiringa har vorte ein kjøpefest. Somme vil meine at den lange førjulstida vatnar ut jula og øydelegg det spesielle med julefeiringa. «Framtiden i våre hender» har prøvd med kampanjen «Gi oss jula tilbake».

Artikkelen held fram under annonsen.

Før vara jula frå julaftan til tretten- eller tjuandedagen. No frå kanskje oktober og til juledagen og er slutt nesten før den begynner. Da kan det bli lita tid til typiske element i den kristne julefeiringa. Dei som historisk har høyrt med, som kyrkjegang og salmesong, lesing av juleevangeliet, levande lys, gang rundt juletreet og samkomer i familien.

I storparten av Europa har julefeiringa fått eit kristent namn. På engelsk blir namnet Christmas – «kristmesse» brukt, på tysk Weihnachten – «vigslenatt». Berre i Skandinavia har ein halde fast på det gamle germanske namnet jul. Engelsk har teke vare på ei gammal, arkaisk form, Yuletide – juletid.