Han hadde ein ukueleg vilje til å kjempe mot kreften og leve - men livet stod ikkje til å redde
Erlend Kittelsen Gray frå Hemsedal døydde natt til sundag 15. desember.
Det opplyser ein talsperson for familien. Gray døydde under behandling ved Dana-Farber Cancer Institute i Boston, USA, eit sjukehus som spesialiserer seg på kreftbehandling og forsking. Etter ein lang kamp mot føflekkreft med spreiing, gav kroppen til slutt etter.
– Han var omgitt av familien og sine næraste. Det gjekk fort på slutten, fortel familien sin talsperson til Hallingdølen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg vil leve
Gray fekk diagnosen føflekkreft med spreiing, ein aggressiv og vondarta krefttype, for vel eit år sidan. Kreften spreidde seg raskt til fleire organ, inkludert lungene og buken. Han kunne ikkje bli frisk med det behandlingsopplegget som er råd å få ved norske sjukehus.
Skulle han ha sjanse til å leve, måtte han ha TIL-celleterapi, ei lovande, men uhyre kostbar behandlingsform. Slik behandling er ikkje tilgjengeleg i Norge, men blir i dag tilbydd ved fleire sjukehus både i USA og Europa.
For Gray var det aldri eit alternativ å resignere. I eit intervju med Hallingdølen i sommar, sa han det rett ut: – Eg har to små barn å ta vare på. Eg vil leve vidare.
Forsøkskanin for ny medisin
Med hjelp frå støttespelarar, familie og pengar samla inn gjennom Spleis, reiste han til USA for å prøve TIL-celleterapi.
Men i mellomtida hadde det skjedd ei utvikling som kompliserte behandlinga, kreften hadde spreidd seg også til hovudet. Før dei kunne starte opp TIL-terapien, måtte dei få kontroll på dette. Derfor vart han i sommar med i ein medisinsk studie for ein ny type kreftmedisin. Medisinen hadde aldri tidlegare vore testa på menneske.
Medisinen gav først lovande resultat. Lammingar i ansiktet, forårsaka av ein svulst som trykte på ei nerve, vart gradvis betre. Han fortalde optimistisk til Hallingdølen i august at han hadde begynt å kjenne framgang.
Soldat og polfarar
Gray var tydeleg på at han kjempa ikkje berre for sin eigen del, men også på vegner av framtidige kreftpasientar. Han nytta sin eigen sjukdom til å fronte kor viktig det er å prøve nye behandlingsformer og å satse på utprøvande kreftbehandling.
Gray var marinejeger i spesialstyrkane i Forsvaret og hadde erfaring frå utanlandsoperasjonar, mellom anna i Afghanistan. Han deltok også på ein sørpolekspedisjon og var del av eit team som vann kappløpet til polpunktet, hundre år etter Amundsen. Som tidlegare soldat var han kjent med å stå i krevjande situasjonar, og han møtte kreften med same pågangsmot som han var kjent for, både som soldat og polfarar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Livsvilje og pågangsmot
Han hadde eit realistisk syn på at sjansane for å overleve var små. Samtidig hadde han ein ukueleg livsvilje.
– Eg vil slåst for å overleve, sa han til Hallingdølen i april. Den sterke livsviljen er bakgrunnen for at han i år er ein av 20 hallingar som er nominert til «Årets halling». «Livsviljen og pågangsmotet til Gray er ikkje berre imponerande, men også utruleg inspirerande», heiter det i grunngjevinga.
Men trass små sigrar på vegen, vart utfordringane for store. Han lèt etter seg kone og to små barn. Gjennom sin talsperson formidlar familien at dei er utruleg takksame for all støtte dei fekk under Erlend sitt sjukdomsforløp.
– Dei set stor pris på at både kjente og ukjente engasjerte seg og bidrog, noko som også var ein viktig motivasjon i kampen mot kreften. Familien framhevar spesielt den store støtta frå lokalsamfunnet i Hemsedal og Hallingdal, som har vore til uvurderleg hjelp i den tøffe tida.