Ikkje berre volleyball som var i fokus: – Det blir litt tid å sjå på gutane også
Det stod ikkje på innsatsen og den god stemninga då idrettslinja arrangerte volleyballturnering fredag kveld.
Det er elevane på VG3 idrettslinja på Gol vidaregåande som står bak arrangementet.
Volleyballturneringa på samfunnshuset samla ungdom frå ulike klassar og forskjellig alder. Det er ikkje berre ei sportsleg hending, men også ein møteplass for ungdom.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fint å møte kvarandre
Sander Thomsen-Haga og Noah Rosendal er blant hovudarrangørane av volleyballturneringa.
Dei synest det er kjekt å lage noko som samlar ungdom frå heile dalen, der ein kan ha det gøy og knytte nye band.
– Heile 19 lag har meldt seg på, og tilskodarar frå heile dalen har funne vegen hit i kveld. Det er kjekt å skape eit samlingspunkt for oss ungdommar. Mange sit berre heime aleine på fredagskveldane, så det er fint å kome ut, treffast og ha det moro saman, seier Rosendal.
Det er foreldregruppa som passar på at ungdommen får ein fin kveld. At arrangementet er rusfritt, blir godt respektert, fortel gutane.
– Baggar og jakker blir sjekka før folk kjem inn. Me opplever at dei som kjem hit, er her for det sosiale og volleyballcupen, og ikkje for festing.
Meir enn berre volleyball
Det stod ikkje på laginnsats under kampane. Spelarane gav alt for å sikre poeng og kjempe om sigeren. På tribunen var også stemninga på topp.
Hallingdølen møter venninnene Sofia Nyhagen, Lykke Furuseth og Linnea Saue. Dei går i 10.-klasse og synest det er kjekt å følgje med på kampane.
– Planen er å vere her til det er slutt, rundt klokka 01:00. Me følgjer med på alle kampane undervegs.
Artikkelen held fram under annonsen.
På spørsmålet om det berre er volleyballkampane som er interessante, svarer dei;
– Nei, me får jo også tid til å sjå litt på gutane, legg dei til med eit lurt smil.