Vladimir og Rogneda (Ragnhild).

Ein ljoneld or myrkret

Eg hadde eingong ein lærar, ein klok gamal mann. Han gav seg tidt til å fortelja sogor attåt den teksti som stod å lesa i sogeboki vår. Me lika den læraren. Han laga eit gjevande byte millom forteljing og ord på papir.

Då sogeboki vår drog seg mot innføringi av kristendomen i Russland i 988, fortalde læraren um Ragnvald som truleg kom frå Vestlandet einkvan staden og var av Hårfagre-ætti. Han var nett då på veg frå Gotland til Russland der han vart gjeven styringi av den gjeve byen Polotsk. Men dimed kom han i vegen for Vladimir i Novgorod som esla seg til å vinne makti radt sør til Kiev.

Vladimir sende heren sin mot Polotsk til å plundre byen og drepa Ragnvald og huslyden hans so ner som dotteri Ragnhild, russisk Rogneda. Henne tok Vladimir til ei av fleire konor. Det gav honom kanhende ein slags rett på Polotsk attåt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han nytta Rogneda vel, for på ti år gjorde han henne til fem gongor, etter det læraren visste. Den mest kjende av borni vart Jaroslav den vise som vart ein namngjeten storfyrste i Kiev, og han gifta burt eine dotteri si, Elisaveta, åt Harald Hardråde.

Biletet

So langt læraren. Men her ein dagen like brått som ein ljoneld or myrkret kom Vladimir og Rogneda fyre augo mine nede på folkeboksamlingi. Eg fann eit bilæte frå 1770 som synte dei båe nett so som læraren hadde fortalt, at Vladimir til fånyttes freista å blidka Rogneda etter dråpi på foreldri hennar.

Bilætet vart måla av Anton Pavlovitsj Losenko, (1737 – 1773 ), og det er eit stort bilæte, las eg i boki, 211,5 x 177,5 cm. Etter det eg kunde sjå på attgjevingi er fargone gode nok, men elles er det eit nokso dårleg bilæte. Det er søtleg, rørslone hjå folki er stive, og klesdraktene er teatralske. Men forteljingi i bilætet syner ei skilsetjande hending i russisk soge, so difor vart det kjøpt av Katarina den store utan at eg trur ho lika bilætet stort betre enn det eg gjer. Det vart likevel det fyrste sogebilætet i russisk kunst, og det opna upp for større kunstverk seinare, t.d. til det festlege bilætet «Kosakkane skriv brev til sultanen» av Ilja Repin. Men Losenko var sjølv ein framifrå portrettmålar for samtidi si.

Forteljarar

Med makti i Kiev reiste Vladimir den kristne krossen, og laut samstundes segja frå seg alle kvinnor med heidensk tru anten han var gift med dei eller ikkje. I staden fekk han ei bysantinsk prinsesse til pant på hopehavet millom Kiev og det kristne Bysants. Rogneda (Ragnhild) fekk det kristne namnet Anastasia innan ho vart send i kloster og døydde der i 1002. Vladimir døydde i 1015, og gamlelæraren min er sjølvsagt ogso faren or tidi. Men forteljingane som han gav oss er framleides livs levande, og til nyttes for hugsen. Dugande forteljarar burde det vera endå fleire av i skulestova.