Njøsen reagerer
– Det er ikkje grunnlag for å ta ut tiltale.
Det seier advokat Elisabeth Njøsen, som representerer den 19 år gamle litauaren. Ho er kritisk til tiltalen.
– Han har uttalt seg merkeleg på chatteloggar, og han har erkjent å ha velta den elektriske rullestolbilen. Men han hadde det ikkje så bra då han var her, og dette var pøbelstrekar. Han har heile tida nekta for å ha hatt noko med brannen å gjere. Kor er bevisa? Feil ved den elektriske rullestolbilen er høgst sannsynleg årsaka til brannen, seier Njøsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho har skreve brev til politiet og bede dei legge bort saka.
– Eg har også henta inn informasjon som viser at elektriske rullestolbilar kan vere brannfarlege, materialet har eg sendt til politiet utan å få svar. Og når det blir teke ut tiltale, er det Hallingdølen som informerer meg om det. Som forsvarar bør eg få vite om det før pressa, seier Elisabeth Njøsen.