Uakseptabel oppførsel

Norway Cup-kampen mellom HFK og Club Seminario frå Uruguay torsdag kveld utvikla seg til skandalescener me sjeldan ser på ein fotballbane - i alle fall ikkje i barne- og ungdomsidretten.

Kampen vart prega av stygt spel, utskjelling og alvorlege regelbrot frå uruguayanaranes side. Laget deira fekk til slutt fire raude kort - det eine av dei gjekk til trenaren(!). Midtvegs i andre omgang vart temperaturen såpass høg at politiet vart kalla inn. Til slutt stod det heile ti politibetjentar inne på grasmatta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er sjølvsagt fullstendig uakseptabelt, og høyrer ingen plass heime i barneidretten.

Det burde vere unødvendig å minne om dette, men: Barne- og ungdomsidretten skal vere ein trygg og inkluderande arena der unge kan utvikle seg, både sportsleg og personleg. Ein plass der dei skal kunne lære om samarbeid, respekt og fair play. Når ein kamp resulterer i fire raude kort, fysisk vald og politi, står me overfor eit alvorleg problem som må takast på høgste alvor.

Trenarar og lagleiarar har eit særskilt ansvar for å oppmuntre til god sportsånd og korrekt oppførsel blant sine spelarar. I tillegg bør sanksjonane vere klare når noko slikt skjer. Vegen til å avbryte ein kamp, eller til og med stenge ute eit lag for resten av turneringa, bør ikkje vere lang. Spørsmålet er om kampen mellom HFK og Seminario i det heile tatt burde blitt spelt ferdig. Heldigvis kom hallingane frå det utan skader, anna enn ei mindre triveleg oppleving.

Dommarane skal også ha den respekten dei fortener. Torsdag kveld vart kampleiaren omringa av protesterande spelarar og trenarar frå Uruguay. Då kampen var over, vart heile dommartrioen følgt vekk frå området av politiet. Slikt skal aldri skje - men spesielt ikkje på Norway Cup. Her er dommarane gjerne unge, nokon nede i 12-13 årsalderen. Utskjelling og kjefting er uhøyrt, både frå spelarar, trenarar og publikum.

At HFK klarte å halde hovudet kaldt og vinne kampen, er ikkje anna enn imponerande. Det vitnar om spelarar som er klare i hovudet, har rett fokus og får dei rette beskjedene frå lagleiarane på sidelinja.

Mens motstandaren verka mest opptatt av å øydelegge og bruke skitne triks, konsentrerte hallingane seg om å spele fotball. At det var dei som vann kampen og fekk gå vidare i cupen, var høgst fortent. Det kan HFK vere stolt over.