Krimteknikarar i arbeid på Geilo ungdomsskole etter storbrannen.

Ber alle som var i området melde seg: Politiet held alle hypotesar opne om kvifor skulen tok til å brenne

Geilo ungdomsskole er totalskadd i brann. Politiet ber alle som var i området laurdag kveld og natt til sundag om å melde seg.

Rundt klokka 02 melde politiet og brannvesenet at det brann kraftig i skulebygget. Flammane stod opp av taket, og det var full fyr særleg ved hovudinngangen til skulen.

– Fyrste prioritet var å forsikre seg om at det ikkje var personar inne i bygninga, eller personar som kunne vere i fare, fortel politistasjonssjef Brit Fyksen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sundag kveld ber politistasjonssjefen absolutt alle som var i området Circle K - idrettshallen, mellom klokka 23 laurdag kveld og 03 sundag morgon, om å melde seg.

Folk som var i området, eller andre som kan ha tips rundt brannen, er bedne om å ringe 992 12 068.

Skulen stod i full brann natt til sundag.

Fyksen understrekar at uansett kva du har å fortelje er det interessant for politiet. Sjølv om du kanskje ikkje reknar med at det er viktig informasjon sjølv, kan det vera verdifullt i etterforskinga.

Om politiet mistenker at brannen er påsett, gjekk ikkje Fyksen inn på sundag kveld, men ho stadfestar at politiet held alle hypotesar opne.

Det er gjort undersøkingar utover sundagen, og når ein ser på korleis brannen utvikla seg kan det gje ein peikepinn på kva som er årsaka.

Brannvesen frå både Gol og Ål kom til å Geilo for å hjelpe.

Det var ingen personar i bygget då det tok fyr. Eitt hus vart evakuert på grunn av røyk.

Brannvesenet fekk etter kvart kontroll, og det var aldri fare for at flammane skulle spreie seg til andre bygg. Men det var lite mannskapa kunne gjere for å hindre skulen i å brenne ned.

Rundt klokka 05 kunne brannvesen og politi konstatere at 80 prosent av skulebygget hadde brunne ned. Ein brannvegg gjorde det mogleg å berge dei siste 20 prosentane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brannvesen frå både Ål og Gol rykte også ut, for å hjelpe dei lokale mannskapa i kampen mot brannen.

Geilo ungdomsskole såg slik ut sundag morgon.

Politistasjonssjef Brit Fyksen gjekk tidleg ut med ønske om å kome i kontakt med alle som var i området rundt Geilo barne- og ungdomsskole i tidsrommet 00-03 natt til sundag. Politiet vil gjerne snakke med sjåførar, med kamera i bilen, som har køyrt forbi skulen.

– Me ynskjer å vere tilgjengeleg for dei som har tankar og for dei som har informasjon som kan vere relevant, men Fyksen legg til:

– Det er altfor tidleg å seie noko om årsaka. Arbeidet me skal gjere no er tekniske undersøkingar og avhøyr av huseigarar, naboar, og andre som har opphalde seg i området.

Politistasjonssjef Brit Fyksen ber vitne til brannen melde seg.

Politiet var sundag i møte med kriseleiinga i kommunen, som handterer blant anna dei som er evakuert og dei som treng bistand.

– Når det gjeld politiets arbeid no, så handlar det om å sperre av åstaden, for å bevare han slik at me kan gjennomføre ei kriminalteknisk åstadundersøking, sa Brit Fyksen klokka 09 sundag morgon.

Skulen er totalskadd.

Ved 09-tida sundag sa Sør-Aust 110 at brannen var så godt som sløkt. Men det blussa raskt opp att viss dei stoppa sløkkinga. Derfor ville dei vere der med ein del mannskap utover dagen.

Sør-Aust 110 opplyste også at det kom ein restverdi-redningsbil frå Kongsberg, som skulle prøve å redde verdiar frå branntomta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brannsjef i Hol, Vidar Nerheim orienterte sundag føremiddag om korleis det vart jobba vidare på den brannskadde skulen:

– Me skal sjå litt i underetasjen om noko kan reddast, og om noko kan sikrast mot å bli øydelagt av vatn og slike ting.

– Den blå basen, står fortsatt. Resten av bygget er totalskadd, oppsummerte Nerheim.

Brannmannskap frå heile Hallingdal stod på laurdagsnatta og utover sundagen.

– Det har vore ein stor og tung innsats gjennom natta. Me har fått bistand frå både Ål, Gol og Nore og Uvdal, i tillegg til at me har hatt våre eigne to brannstasjonar som har vore i drift heile natta, fortalde Nerheim og la til:

– Det vil alltid i slike brannar blusse opp litt her og der, men det skal vere problemfritt. Oppfordringa vår er at folk held seg unna og respekterer dei sperringane som er blitt sett opp. Det er veldig viktig.

Ettersløkkinga av brannen på Geilo ungdomsskule heldt fram utover sundagen.
Slik såg Geilo ungdomsskole ut sundag ettermiddag.
Det vart ein intens kamp mot flammane, men det var aldri fare for spreiing.