Slik såg Hemsedal hotell ut før brannen. Til høgre for gjerdet er det no planar om ein brakkerigg med tre kontor, truleg for eitt års tid framover.
Slik såg Hemsedal hotell ut før brannen. Til høgre for gjerdet er det no planar om ein brakkerigg med tre kontor, truleg for eitt års tid framover.

Vil setja opp brakkerigg

Hemsedal statlege mottak kan truleg takast i bruk att før jul dersom det får ein brakkerigg til administrasjonen.

118 personar vart evakuert ut av det brennande Hemsedal statlege mottak natt til 11. november. Sidan har asylsøkjarane budd på ulike stader i Hemsedal og Gol.

No kan desse truleg tilbake før jul, i beste fall alt før 16. desember.

Artikkelen held fram under annonsen.

16. desember går leigekontrakten ut for mange av dei 118 der dei no bur. Som eit ledd i å få dei tilbake til mottaket på Tuv blir det for tida jobba med å få på plass ein brakkerigg med tre kontorplassar, inkludert toalett. Riggen kan bli ståande eit år, heiter det i søknaden til Hemsedal kommune.

Bustaddelen er tilnærma uskadd, med unntak av kjellaretasjen.

Statens vegvesen er som eigar av Rv52 varsla om planen.

«Eg vonar de kan gje kjapp tilbakemelding om de har merknader til ein slik søknad, då kvar dag teller for å få mottaket i gang att», skriv konsulent Ragnhild Halbjørhus i Hallinglos på vegner av søkjaren. Avdelingsleiar i Region sør har ingen merknader til nabovarselet.

Det har ikkje lykkast Hallingdølen å få kommentar frå mottaksleiar Gry Herland.