Meir pengar ut krev meir pengar inn
Endeleg kom det ei gladmelding frå regjeringa: NVE skal gå frå å dekke 80 prosent av kostnadene til flaum- og sikringstiltak etter «Hans», til 90. Det er grep som monnar!
I Nesbyen blir det jubla. Den økonomiske situasjonen i kommunen er elles ikkje mykje å rope hurra for, men ein lovnad om færre kostnader etter Hans hjelper. Det ventar store grep i sentrum etter herjingane, ikkje minst om det skal byggast flaumvoll i ein eller annan form.
Artikkelen held fram under annonsen.
I Ål er det søkt om støtte til sikringsarbeid i Stavegrove, Hellinggrove og eit hus i Tune-gardane. I første omgang dreier det seg om tiltak for rundt 30 millionar kroner. Når NVE no tek ein større bit av rekninga, er det godt nytt for kommunen.
Ikkje minst er det også godt nytt for dei 25 grunneigarane som har eigedomar i området. For kvar av dei 25 er det antyda ein kostnad på 76.000 kroner. Det er mykje pengar. Når NVE no går inn med meir, er summen deira redusert til under 40.000 kroner. Det er himmelvid forskjell for ein privatøkonomi.
Klart me skal juble over meir økonomisk hjelp. Både for kommunane og for privatpersonar som vart råka i fjor haust. Samtidig er det fristande å si at «det skulle berre mangle»; naturkatastrofar kan ingen rå med. Dette er kostnader som norske kommunar, som alt er hardt pressa på økonomi, får kasta på seg. Heilt uforskyldt.
Når staten no tek ein større del av rekninga, kjem det alle til gode. Sikringstiltak og førebygging sparer trass alt samfunnet for store kostnader om naturen på nytt vender vrangsida til.
Kvart år får NVE overført mellom 200 og 300 millionar frå staten. Når store katastrofar som Hans råkar, får dei uhorveleg mange søknader. Men behovet for pengar til tiltak er mykje større enn kva dei har midlar til, og det krev harde og tøffe prioriteringar. Det er bra at regjeringa har lova at NVE skal ta ein større del av rekninga, men med denne lovnaden må det også følgje gode nok rammer. Regjeringa må rett og slett sørge for nok pengar til NVE, om mange nok tiltak skal få støtte.
Auken som regjeringa no lovar er resultat av stort fokus på problematikken over tid, og godt politisk arbeid - også lokalt. Det er verdt å gi honnør for den jobben som alt er gjort. Så er det viktig å ikkje gi seg der, men sørge for at dei som styrer pengesekken held fram med å vere klar over utfordringane kommunane står i.
Dei tek ikkje slutt med det første.