Lite imponert over SV og opposisjonens veg og togplan: – Det er uansvarleg
Ringeriksbanen er på skjener att og fleire andre prosjekt er tekne inn i NTP-varmen. Men leiaren i transportkomiteen er skeptisk.
– Ikkje eit ord om korleis dette kan finansierast. Dette er uansvarleg, seier Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til NRK.
– Opposisjonens enkeltvedtak undergrev betydninga av Nasjonal Transportplan, og legg opp til ny eting av kake utan meir asfalt eller skjener, følgjer han opp ovanfor NTB.
Artikkelen held fram under annonsen.
SV, Høgre, Frp, KrF, Venstre og Rødt gjekk onsdag ettermiddag på «podiet» i Vandrehallen på Stortinget for å presentere kva dei har blitt samde om.
Saman har dei sikra fleirtal for seks prosjekt som ikkje er med i regjeringa sitt forslag til Norsk Transportplan (NTP).
Blant dei Ringeriksbanen, som no held fram som fellesprosjekt.
Dette er prosjekta SV og opposisjonen no vil ha inn att i NTP
Vestfoldbanen
Ringeriksbanen som fellesprosjekt
Ofotbanen
Rv19, Moss
Majorstuen stasjon i første del av planperioden
Rv15, Strynefjellet
Stortinget ber også regjeringa styrke finansieringa til fylkesvegar.
Vidare forhandlingar
Under pressekonferansen vart det ikkje sagt noko konkret om korleis dei enkelte prosjekta skal finansierast. Hallingdølen utfordra Kathy Lie (SV) på dette:
– Betyr dette at de ikkje har sagt noko om pengar eller tidspunkt for bygging?
– Ikkje i denne einigheita. Men det står att forhandlingar om ein del detaljar før saka blir sendt frå komiteen 12. juni.
Nasjonal transportplan blir endeleg vedteken i Stortinget 19. juni.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sende banen ut av NTP
19. mars var Hallingdølen til stades på Rørvik camping i Hole, der samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) presenterte si Buskerud-satsing i NTP.
Det var der det kom fram at Ringeriksbanen var tatt ut, og i staden sendt ut på ein fjerntogstudie saman med andre framtidige jernbaneprosjekt.
Dette sa Nygård til Hallingdølen same dag:
– Ringeriksbanen er klart for utbygging. Ville det ikkje vere naturleg å starte med det som er klart?
– Vår vurdering er at me startar på vestsida fyrst. Så deler me prosjektet her og får gjort vegprosjektet som er viktigast. Så må Ringeriksbanen kome seinare.
– Skaper usikkerheit
Etter pressekonferansen onsdag seier Nygård dette til NRK:
– Å leggje inn nye, store prosjekt utan semje om finansiering, skaper usikkerheit om sjølve hovudgrepet i NTP, seier han.
– Meir pengar til drift og vedlikehald er heilt nødvendig for å sikre effektiv og trygg forflytting av både menneske og varer i heile landet.
Artikkelen held fram under annonsen.