Dreg til Åre for å lære
Hemsedøler dreg på studietur til Åre for å la seg inspirere. – Målet er at me skal dra i same retning, seier initiativtakar Kjell Ove Anderdal.
I fjor haust var ein av dei mest sentrale næringslivsaktørane frå Åre i Sverige på besøk i Hemsedal. Foredraget av Pocke Nilsson om kva grep Åre gjorde frå kring 2000 inspirerte dei vel hundre som møtte fram. No vil fleire hemsedøler la seg inspirere, og gå litt grundigare til verks. Frå 13.–15. februar dreg ein delegasjon på vel 20 personar på studietur til Åre for å høyre og sjå meir.
Lærerikt
– Eg trur det blir spennande og lærerikt, seier styreleiar i Hemsedal Næringsforening, Kjell Ove Anderdal. Det er Nilsson som står bak invitasjonen, mens det er næringsforeininga som har tatt seg bryet med å organisere turen. I tillegg til eige styre, er det meste av styret i Hemsedal Turisttrafikklag med, formannskapet, utvalsleiarane og dessutan to frå kommuneadministrasjonen. I tillegg er både utmarkslag og grunneigarar representere. Til saman har 21 personar teikna seg på deltakarlista.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nede for teljing
Pocke Nilsson er leiar for Åreforetagerna. I tida kring 2000 låg mykje av næringslivet nede for teljing. Fleire gjekk konkurs. Nilsson var sentral i prosessen som sprang ut av dette, med å få aktørane opp på beina igjen, for så at dei drog i same retning. Denne lærdommen og korleis ein har lykkast vil hemsedølene no gjere seg kjend med.
– Dei samla seg og sette seg store felles mål. Eg håpar sjølvsagt denne turen kan bli starten på ei tid der også aktørane i Hemsedal dreg i same retning, seier Anderdal.