Sparekniven bør fare varsamt med sjukestugu
Den økonomiske situasjonen i Nesbyen er alvorleg. No ventar Robek, no begynner dei tøffe taka. Sist veke melde me blant anna at lærarar i Nesbyen kan risikere å miste stillingane sine, at ei barnehageavdeling kan bli lagt ned og at dei to skulane kan bli slått saman. Og meir vil det bli.
Ingen skal lure på om det blir vonde konsekvensar i Nesbyen den kommande tida. Det går ikkje an å svinge ein sylskarp sparekniv utan at det gir sår som smertar. Men nokre kutt bør politikarane tenkje seg svært nøye om før dei tek.
Artikkelen held fram under annonsen.
Denne veka skal hovudutval for livsløp vurdere om dei skal gi grønt lys for å si opp samarbeidsavtala med Hallingdal sjukestugu. Gjennom sakspapira skriv administrasjonen at dei meiner det er forsvarleg å ta tilbake tilbodet med dei såkalla intermediære sengeplassane på sjukestugu. Ifølgje reknestykket kostar ei slik seng 1,7 millionar kroner i året. Administrasjonen viser til at kommunen heilt frå 2014 sjølv har klart å ta imot pasientar som blir skrivne ut frå sjukehus, og at sengeplassane i Ål berre har vore ein buffer.
Me skjønar at det heilt sikkert stemmer, og me skjønar at når alle steinar skal snus, må også sjukestugu på bordet. Nesbyen tek del i ei lang, lang rekke interkommunale samarbeid, som kvar seg er nyttige - men som sjølvsagt også kostar. Det er naturleg at alle desse no blir gått gjennom og vurdert.
Men skal politikarane røre ved samarbeidsavtalen med sjukestugu, bør dei tenkje seg svært godt om. Å rokke ved den, vil vere å rokke ved eit korthus som trass alt er ganske skjørt. Skal sjukestugu bestå som i dag, er det ein udiskutabel føresetnad at alle kommunane deltek i samarbeidet. Me veit lite om kva konsekvensar det vil få om Nesbyen trekker seg ut.
Kanskje greier kommunen å ta seg av sengeplassane sjølv. Men her må ein ha med seg det store biletet. Det breie, gode og sterke tilbodet ved Hallingdal sjukestugu, som er heilt unikt i ein liten region som vår, kjem også nesningane til gode. Regionrådsordførar Solveig Vestenfor er så vidt inne på det; ho seier at alt heng saman med alt og viser blant anna til legevaktordninga.
Sjukestugu, alle tenestene og fagmiljøet treng me å hegne om så godt me kan. Det kjem kvar einaste halling til gode, med tryggleik, eit breitt behandlingstilbod og kort reiseveg til tenester me elles måtte reist til Hønefoss eller Drammen for å få.
Det er opp til politikarane i Nesbyen å si ja eller nei til ein vidare samarbeidsavtale med sjukestugu. Men i røysa av steinar som skal snus den kommande tida, håpar me sjukestugu-steinen ligg djupt nede i botnen.