Rådmann Sveinung Halbjørhus.
Rådmann Sveinung Halbjørhus.

Meiner tomta er for bratt

Ein tomteeigar i Grøndalen vil byggje seg hytte på eigedomen 82/183, like ovanfor basestasjonen i Grøndalen Skisenter.

Rådmannen er innstilt på å avslå søknaden fordi terrenget er så bratt at ein vil få opptil 6 meter høge skjeringar.

Hytteplanen er ikkje utforma for denne eigedomen, heiter det i saka som hovudutval for plan og ressurs skal behandle 20. september. Det er utvalet som avgjer saka.