Arina (18) om ungdom og rus: – Det viktigaste er ikkje lenger å førebygge, men å bekjempe. For det skjer her og no
Arina Aamir (18) er bekymra for kokainbølgja som slår innover Oslo-ungdommen. Foredraget gjorde inntrykk på russen i Hallingdal.
– Grensene er flytta, og det som tidlegare var eit Oslo-problem er i aukande grad eit landsdekkande problem.
Slik opna vgs-elev og bystyrerepresentant i Oslo, Arina Aamir sitt foredrag under folkemøtet om rusførebygging i Hallingdal. Ho var invitert i lag med SLT-koordinator Ole Reidar Lågrinn og Kari Birgit Møllerplass frå politiet for å innleie kvelden med sine tankar. Hallinghelse stod bak arrangementet på Gol skule.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mørkt bilete av hovudstaden
Aamir har vore ei tydeleg og ung stemme i den nasjonale debatten om narkotika blant unge. Ho teikna eit urovekkande bilete av hovudstaden. Kokainbruken har eksplodert og yngre barn blir rekruttert inn i kriminelle miljø for å drive sal. Det er særleg dei som fell bakpå i skulen og lokalsamfunn som er sårbare for å kome i kontakt med slike nettverk.
– Desse miljøa er alltid to hakk framfor når det gjeld inkludering. Dei steppar inn der samfunnet har svikta, sa Aamir.
I Oslo dreier ofte debatten seg om aust/vest-skiljet. Men også i distriktet har ein familiar med låg inntekt og dei med høgare inntekt. Aamir trur ein kan sjå liknande trendar utanfor byen: ungdom frå familiar med låg inntekt rusar seg mindre, men sel meir. Ungdom frå ressurssterke heimar rusar seg meir, men det er færre som sel.
– Rusmiddel viser forskjell på status og inntekt, slo ho fast.
– Det skjer her og no
Russetida er ein lukrativ månad for dei kriminelle nettverka. Ungdommen er ikkje klare over kor avhengigheitsskapande til dømes kokain er, meiner Aamir.
– Det ungdommen veit om rus er det dei lærer av kvarandre. Dei får altfor lite informasjon frå ansvarleg vaksne. Det viktigaste er ikkje lenger å førebygge, men å bekjempe. For det skjer faktisk her og no, sa 18-åringen.
Kva gjer kokain med kroppen?
Spesialist i allmennmedisin og leiar i legeforeininga sitt fagstyre, Ståle Sagabråten, fekk spørsmålet under paneldebatten. Slik tok han kortversjonen:
– Kokain er sentralstimulerande. Du får energi og sjølvtillit og blir ein «superutgåve» av deg sjølv. Rusen kjem fort men varar ikkje så veldig lenge. Faren er at det er veldig avhengigheitsskapande fordi det gir dette «kicket». Hjartefrekvensen aukar og blodtrykket stig. Ein kan få akutt hjernebløding eller infarkt. Ein annan ting er at du blir dårlegare på å dømme fart, risiko og farar. Skader som følgje av dette er noko legevaktene ofte møter.
– Så kjem nedturane, som for mange kan gli inn i ein depresjon. For gutane kan potensproblem melde seg ganske tidleg, og det er verdt å merke seg.
Råd til foreldre
Dei to lokale russejentene Rakel Syversrudengen og Andrea Skredderberget Bergtun var invitert til å delta i paneldebatten seinare same kveld. Dei innrømte at dei vart overraska over innlegget til Aamir, som er like gamal som dei sjølve.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg trur det er viktig å starte med at det ikkje er like ille her som det høyrest ut til å vere i Oslo. Det er ingen i min næraste krets som driv med rus. Men ja, eg har sett folk som er rusa på andre ting enn alkohol, opna Syversrudengen.
Både ho og Bergtun oppmoda foreldre til å vere støttande og opne med barna sine. Skape trygge rammer for kva ein kan fortelje og når ein kan ringe etter hjelp.
Kva skil bygd og by?
Etter paneldebatten fekk Hallingdølen stille ungdommen nokre spørsmål. Kva forskjellar ser dei sjølve mellom bygd og by?
– I byane er det eit mykje større press om å få innpass i dei ulike russegruppene, svarte russepresident ved Gol vgs, Ida Marie Nerheim. Oslo-jenta Arina Aamir var samd i det:
– Her er det ikkje nok folk til å lage dei usunne grupperingane kor det handlar om å vere drygast mogeleg. Men me veit at trendar som startar i byane etter kvart spreiar seg til mindre strøk.
Sagt i debatten: Korleis kan me førebygge?
Kari Birgit Møllerplass, politiet i Hallingdal:
– Me treng informasjon, og me treng at de melder frå. Viss alle tenkjer at «dette veit jo politiet», er det ikkje sikkert at det når oss i det heile tatt.
Arina Aamir, vgs-elev og bystyrerepresentant i Oslo:
– Mjuke og harde tiltak. Tunge rusmisbrukarar bør få hjelp, ikkje straff. Partydop må derimot slåast hardare ned på, for å vekke ungdommen til å slutte. Samarbeid med privat rusomsorg for å redusere køane, og satsing på ungdomsløp i samarbeid med NAV, politi og barnevern. Og foreldre må slutte å tru at det ikkje gjeld deira barn.
Andrea Skredderberget Bergtun, russ i Hallingdal:
– Ungdommen må lære meir om verknaden av dei ulike rusmidla.
Heidi Granli, ordførar i Gol og småbarnsmor:
– Foreldre må skape aksept for at me bryr oss om kvarandre sine barn, og at det er lov å seie frå. Det startar i barnehagen. Foreldregruppa skal følgje kvarandre heile vegen til barna våre er ferdige på grunnskulen.
Har foredrag ein effekt?
– Kva kan ungdom frå bygd og by lære av kvarandre?
– Eg trur me blir meir observante og kan tenkje gjennom kva som må til for å unngå at det blir like heftig her, svarte Andrea Skredderberget Bergtun.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Fungerer slike foredrag?
– Definitivt. Me hadde eit foredrag på skulen i fjor med ein tidlegare narkoman som fortalde opent og ærleg om kva han hadde tatt og gjort. Det gjorde enormt inntrykk, seier russepresident Nerheim.
– Aamir pratar om aust og vest i Oslo. Ser de liknande skilje her også, på kven som sel og kven som brukar?
– Det er vanskeleg å seie. Men det er nok ingen hemmelegheit at viss du fell ut av skulen og opplever lite meistring i livet, kjem du lettare i kontakt med usunne nettverk, svarar Bergtun.