God sesongstart
Line Brusletto og Anette Danielsen har starta sesongen med lands- og distriktsstemne.
Hestesport: Sist helg var dei to på Landsstemne sprang i Grenland.
Der henta dei med seg premiar. Fredag vart Brusletto nummer tre i klassen for 120 cm etter ein rask og feilfri runde. Totalt var det 57 startande. Same dag vart ho nummer fem i 130 cm. Då stilte ho med Caipiness.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sundag vart Anette Danielsen og Magic Mathilda nummer elleve i 120 cm.
Danielsen og Brusletto opna sesongen siste helga i januar med fleire gode plasseringar under distriktsstemnet på Melsom i Tønsberg. Der var Danielsen feilfri og vart nummer sju i 110 cm. Brusletto vart nummer seks med A’Khan’s Aramis (Arne) og nummer sju med Caipiness av 57 startande. I 130 cm var ho feilfri med begge hestane og vart nummer tre med Arne.
Stemna er oppvarming til Arctic Equestrian Games seinare i februar.