Køyrde lang kortesje - opna russetida med å minnast Signe
Bil etter bil, raude og blå. Ein lang kortesje køyrde stille gjennom Torpo sentrum før dei stoppa utanfor Torpo kyrkje.
Russ frå Hallingdal brukte torsdag ettermiddag til å minnast drapsoffera etter tragedien på Torpo i påska. Ei av dei drepne, Signe Slaatten, var i år avgangselev ved Gol vidaregåande skule.
Russen ønskte ikkje å ha media til stades under markeringa, men sa ja til at Hallingdølen tok bilete på avstand.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det var laurdag i palmehelga at ein familie på fire vart funne døde i eit bustadhus på Torpo. Far i familien er sikta for å ha drepe kone og to vaksne barn, før han tok sitt eige liv.
Det blir naturleg nok ei annleis russetid i Hallingdal i år, når ei av dei som kunne feire at ho var ferdig med 13 års skulegang på tragisk vis har gått bort. Då var det sterkt å sjå årets russekull stå skulder ved skulder utanfor kyrkjemuren for å minnast ein medelev og familien hennar.
Det er fint å sjå samhaldet. For trass i krisa som har råka eit russekull, ei bygd og ein dal er russetida i full gang og raud- og blåkledd ungdom ber bod om vår og lysare tider.