Økonomiske krise - vurderer å selja eigedommen for å berge vidare drift
Sviktande elevtal og anstrengt økonomi har ført til at styret i Hallingdal Folkehøgskule vurderer å selja eigedommen på Skaga til Gol kommune.
Hallingdal Folkehøgskule (HFS) har gjennom fleire år ikkje greidd å rekruttere tilstrekkeleg med elevar. Det har ført til at økonomien har vore anstrengt over lengre tid for den 65 år gamle folkehøgskulen.
Lågt elevtal - svak økonomi
Elevtal og økonomi har nær samanheng fordi statstilskotet blir rekna ut frå eit gjennomsnittleg elevtal dei tre siste åra. Låge elevtal fører til inntektssvikt.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er sett i verk fleire tiltak for å betre den økonomiske situasjonen. Lærarstaben er redusert med fleire årsverk gjennom friviljuge ordningar, der tilsette har fått permisjon for å ta anna arbeid. Gol kommune har gitt eit lån på to millionar for å gje skulen tilstrekkeleg med driftsmidlar inntil situasjonen har betra seg, seier styreleiar i HFS, Hallvor Lilleslett.
Selja til Gol kommune?
Lilleslett opplyser at styret er på leiting etter varige løysingar som sikrar stabil drift med ein sunn økonomi.
– Eitt dramatisk tiltak er å selje eigedommen for så å leige skulebygningane til skuledrift. Styret er i samtalar med Gol kommunale eigedommar AS om dette. Årsmøtet er varsla om at styret har slike drøftingar, og at ein vurderer å inngå ein intensjonsavtale om sal, seier han.
Eventuelt sal av Skaga blir hovudtema under årsmøtet 12. juni.
Fordelar og ulemper
Lilleslett opplyser i ei pressemelding som styret har sendt ut, at det både er fordelar og ulemper ved å selja Skaga-eigedommen. På kort sikt vil det bli frigjort kapital og gi ei betre forvalting og drift av bygningsmassen. Det er behov for større investeringar; blant anna trengst det ei oppgradering av fyringsanlegget.
Fakta: Hallingdal Folkehøgskule
* Starta i 1959 på Skaga i Gol som sjølveigd folkehøgskule
* Mål: Å fremje allmenndanning og folkeopplysning
* 92 elevplassar
* Dette skuleåret: 30 elevar fordelt på 4—5 linjer
* 7 lærarar m/rektor. To har permisjon
– På lengre sikt kan skuledrift i leigd bygningsmasse gi mindre statstilskot til skulen. Dette vil i sin tur stille endå større krav til økonomisk berekraftig drift, seier Lilleslett.
– Ikkje starten på slutten
– Kan eit eventuelt sal av Skaga vera «dødsstøyten» for Hallingdal Folkehøgskule?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Nei, det er ikkje starten på slutten. Det er elevtilgang og driftsmidlar som er nøkkelen. For å sikre god drift over tid, må elevtalet aukast. Så langt har ikkje skulen lukkast med det. Det er ei mager trøyst at det er mange folkehøgskular som er i same situasjonen. Men det er svært viktig at ein tilpassar drifta til det aktuelle elevtalet ved skulen.
Elevtilgang og økonomi
Styret i HFS understrekar at det er to utfordringar skulen må løyse. Drifta må til ei kvar tid tilpassast elevtilgangen og inntektene. Den andre er at elevtalet må opp, både av økonomiske grunnar, og fordi ein treng eit visst elevvolum for å få til eit allsidig og spennande skulemiljø.
– Skulen er godt i gang med denne jobben, og elevtilgangen for komande skuleår har ei positiv utvikling, opplyser styreleiar Hallvor Lilleslett.
.