Kvifor ta eit steg ned når du kan ta eit steg opp?
Av Tormod Skarsgard, Arne Braathen, Margrete Berg, Trude Hjelseng, Magnar Wøllo, Einar Thorset, Borghild Jonsgård, Mona Lykkesund, Margit Totland, Sigrid Thorset Gjerden, Arne Lie, Knut Bergun og Tore Arnegard
Takk til Halvard Jervell for sitt gode og gripande lesarbrev i Hallingdølen datert 24.02 med overskrifta «Exit Hallingdal».
Artikkelen held fram under annonsen.
Dette om den aukande trenden i bruken av rusmidlar blant ungdom. Spesielt eit aukande problem knyta til bruk av narkotika.
Gol Fråhaldslag er sterkt kritisk til arbeidet med å forsøke å avkriminalisere narkotika. Dette synet er diverre eit sterkt bidrag til å normalisere, ufarleggjera og gjera narkotikabruk lovleg.
Me er særs skuffa over partiet Venstre si liberale haldning og aktive arbeid for å få dette til!
Me ynskjer å redusere rus- og drikkepresset. Gjera det enklare å ta eigne val. Dette for å skapa trygge og inkluderande lokalsamfunn, der det er mogeleg for alle å få ei positiv livsutfalding.
Me utfordrar etablerte haldningar og vanar omkring bruk av rus i det offentlege rom.
Me ynskjer å takke Halvard Jervell, som meiner det ikkje er ein menneskerett å ruse seg. Jervell er inne på at skadane og konsekvensane går langt utover det enkelte individet.
Gol Fråhaldslag meiner dessutan at det å halde seg unna rus er eit solidaritetsstandpunkt, der menneskeverdet vert lyfta opp og fram!
70 prosent av alle kriminelle handlingar er ruspåverka. 80.000 - til 100.000 born gruar seg til helger og høgtider fordi foreldra har eit for høgt rusinntak.
Artikkelen held fram under annonsen.
Er det verkeleg eit slikt samfunn me ynskjer oss? spør årsmøte i Gol Fråhaldslag samla 7. mars 2024