Kraftig fram også i år: «Me er utruleg takksame for at lesarane våre held fram å velje oss, lese oss og bruke oss»
Hallingdølen auka med 604 abonnentar i fjor, og sette ny rekord med 11.359 abonnentar.
Hallingdølen har i fleire år hatt solide plusstal på opplaget, sist rekord kom i 2022. Og tendensen heldt fram i 2023. Veksten i fjor vart faktisk så kraftig at han blir lagt merke til på landsplan. Ved nyttår hadde Hallingdølen eit opplag på 11.359. Dette var heile 604 fleire enn ved utgangen av 2022.
Ei av fem
Landslaget for Lokalaviser LLA trekker fram fem aviser som utmerkjer seg på landsplan, ei av desse er Hallingdølen, i tillegg til Dag og Tid, pluss avisene Lister, Lindesnes og Kronstadposten.
Artikkelen held fram under annonsen.
I løpet av fjoråret passerte lokalavisa for Hallingdal også Ringerikes Blad, som i fjor enda på 11.326 i netto avisopplag.
Hallingdølen er med det blitt den nest største avisa i Buskerud, rekna etter opplag. Det er likevel enno langt att til førsteplassen. Der tronar Drammens Tidende med eit opplagstal på 26.310.
– Held nivået
Landslaget for lokalaviser (LLA) og Mediebedriftenes Landsforening (MBL) la fram dei nye opplagstala onsdag. I ei pressemelding skriv dei at totalopplaget for dei over 110 lokalavisene som er tilknytt LLA auka med dryge 2000 det siste året. Rundt halvparten av lokalavisene aukar, og rundt halvparten går tilbake.
Tomas Bruvik er generalsekretær i LLA. Bruvik kommenterer opplagstala slik:
– Det er gledeleg å sjå at lokalavisene står sterkt blant folk landet rundt. Våre stabile opplagstal viser at redaktørstyrte lokalaviser lagar journalistikk som er verd å betala for. Lokalavisene er også ein nyttig marknadskanal for nasjonale og lokale annonsørar, seier LLAs generalsekretær.
Avisopplaget i Buskerud for 2023
Drammens Tidende | 26.310 | – 1063 |
Hallingdølen | 11.359 | 604 |
Ringerikes Blad | 11.326 | 8 |
Laagendalsposten | 8889 | – 270 |
Bygdeposten | 6507 | – 237 |
Røyken & Hurums Avis | 5366 | – 347 |
– Må vera ein stor dag
Til Hallingdølen seier Bruvik at dei solide tala som avisa oppnådde blir lagt merke til.
– Dette må definitivt vera ein stor dag for Hallingdølen. Det er berre å gratulere med dei solide tala. Eg reknar med at det blir kakefest hjå dykk no, seier han.
– Men, kor viktige er eigentleg opplagstala?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er den einaste hundre prosent korrekte målinga av korleis media blir lese. Her veit ein kor mange som betalar for å lesa Hallingdølen. Dette er eksakt vitskap. Så det er klart desse tala er viktige når ein skal gjera opp status.
– Det blir kake!
Ansvarleg redaktør i Hallingdølen, Lillian Holden, følgjer opp Bruvik og bekreftar at dei gode tala sjølvsagt skal feirast med kake.
– At me held fram å auke, er resultatet av stor laginnsats på heile avishuset. Så er det ei stor anerkjenning til journalistane, som lagar god og viktig journalistikk som folk vil lesa. At stadig fleire vel å ha abonnement på Hallingdølen, fortel at me er relevante for folk. Me er utruleg takksame for at lesarane våre held fram å velje oss, lese oss og bruke oss, seier ho.
– Kvalitet og rett fokus
Også adm.dir. Ola stave er veldig glad for det store oppslutninga frå lesarane.
– Den er veldig hyggeleg å sjå at folk vil lesa Hallingdølen. Samanlikna med ein god del andre aviser ser me også at vekst i opplaget er mogeleg. Stikkorda er etter mitt syn kvalitet og rett fokus.
Tilbake
Når Stave samanliknar «med andre» tek han utgangspunkt i det faktumet at det samla avisopplaget på riksplan, stadig går nedover. Totalopplaget går tilbake med 0,5 prosent, viser tala for andre halvår i 2023. Tala syner samtidig at digitaliseringa av norsk presse går sin gang. Det digitale opplaget auka med 9,5 prosent i fjor. Stadig fleire les med andre ord sine aviser på PC, Mac, brett eller mobil.