Høgre-gruppa var nesten samstemte om oppdrettsplanane i Kleivi. Berre Henning Solhaug (i midten) støttar planane. Susann Jaritz Bakken og Knut Erik Hallingstad er blant dei kritiske røystene.

Kritiske til pengebruk:– Dette føler eg blir som å danse på kanten av stupet med lommeboka som ein fallskjerm

Med ei stemmes overvekt er det klart: Hol støttar ikkje dei store planane om oppdrettsanlegg i Kleivi med to millionar kroner.

Formannskapet sa tidlegare i februar ja til eit aksjekjøp i selskapet Upstream AS, men etter eit forslag frå Knut Erik Hallingstad (H) avslo kommunestyret løyvinga torsdag kveld.

Partikollega Hanne Haatuft avgjorde i realiteten avrøystinga då ho varsla at eit ja i formannskapet vart til nei i kommunestyret.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg synest det er problematisk at me ikkje finn ein million til ungdomslokale, men to millionar til eit risikoprosjekt. Av fleire årsaker stemmer eg mot i dag. Dei har fått støtte av kommunen kor dette skal gjennomførast, det er ikkje for seint å bli spurt om å legge til rette på andre måtar. Eg heiar på prosjektet.

Kritiske røyster

Det er Upstream AS som har utarbeidd planar om eit landbasert oppdrettsanlegg i Kleivi Næringspark. Ål kommune har løyvd to millionar kroner til eit forprosjekt, og spørsmålet har vore om Hol skulle gjere det same.

I kommunestyret var det mange kritiske røyster. Susann Jaritz Bakken (H) var kritisk då formannskapet vedtok løyvinga for eit par veker sidan. I kommunestyret fekk ho følge av fleire som peika på at dette ikkje er rett måte å bruke to millionar av kommunens pengar på.

– Mi største uro ligg i handteringa av slam og den potensielle miljøpåverknaden dette kan ha, spesielt med Hallingdalselva som næraste vasskjelde. Eit kvart uhell her kan ha store konsekvensar for vårt lokale økosystem, sa Hallingstad.

Han meinte det er for mange spørsmål som ikkje er svara på og ville ikkje ta risikoen.

– Me må alltid vite kva me investerer i og sikre at det er til minimal risiko. Dette er trass alt skattebetalaranes pengar me forvaltar. Dette føler eg blir som å danse på kanten av stupet med lommeboka som ein fallskjerm.

Gry Tøsdal (SV):

– Me er ikkje her for å diskutere om dette er eit godt eller dårleg prosjekt, men om me skal gi to millionar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gry Tøsdal, SV.

SV ville ikkje, som Hallingstad, bruke «skattebetalaranes pengar» til dette.

– Eg visste ikkje at me hadde to millionar. Det fekk eg ikkje inntrykk av då me sat her i desember og diskuterte tjuge tusen her og hundre tusen der. Eg synest dei kan finansiere dette forprosjektet sjølv, så kan me heller kome på banen når me ser om det er aktuelt.

Oppdrettsplanane i Kleivi

* Upstream AS som har lansert dei store planane om landbasert oppdrett i lia ovanfor Kleivi Næringspark i Ål.

* Oppdrettsplanane er enorme. Fullt utbygd kan det bli eit anlegg med investeringar på 1,5-2 milliardar kroner.

* Ein studie har vist at det går an å etablere eit landbasert oppdrettsanlegg for regnbogeaure, men det trengst minst tolv millionar kroner for å finansiere forprosjektet.

* Forprosjektet skal gå gjennom 2024 og mange sider av utbygginga skal greiast ut.

* Arbeidet til Upstream siste par åra har hatt regional støtte gjennom Regionrådet for Hallingdal, og i Ål og Hol har kommuneleiinga vore informert om arbeidet frå tidleg fase.

* Frå dei to kommunane har det til saman kome 350.000 kroner til arbeidet.

Les også
Her vil dei bygge oppdrettsanlegg til 1,5 - 2 milliardar: – Dette er ein veksande industri

– Problematisk

Petter Braaten (Hol Bygdeliste) var kritisk til å bruke to millionar av sparepengane, og av «prinsipielle grunnar» gjekk han mot. Braaten spurte også:

– Kva skjer viss forprosjektet blir dyrare enn tolv millionar? Må me løyve meir pengar fordi me er eigar i selskapet?

Magnus Aasrum (V).

Magnus Aasrum (V) sa dei i «utgangspunktet» er positive. Men:

– Å gå inn som ein av dei første aktørane med middel, å kjøpe seg opp i eit slikt prosjekt, meiner eg er problematisk for ein kommune som forvaltar offentlege middel.

Venstre foreslo at kommunen første skulle gå inn med pengar dersom Innovasjon Norge og andre investorar utover Ål kommune går inn med minst fire millionar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nye arbeidsplassar

I Arbeidarpartiet støtta Sissel Hovland og Petter Rukke løyvinga. Rukke sa det var både «positivt og skremmande at dei siktar så høgt», men trudde planane kan bli skalert ned.

Sissel Hovland og Petter Rukke fronta Aps syn og støtte til Upstream.

Hovland meinte dette kan sette Hallingdal og Kleivi på kartet som matprodusent og leie an i det grøne skiftet.

– Hol Ap har programfesta at me skal ha varierte og attraktive arbeidsplassar. 90 arbeidsplassar kan kome Hol og Ål til gode.

Pål Knutsson Medhus (Hol Bygdeliste):

– Upstream kan bli ein sjeldan og etterlengta moglegheit me har til å få på plass nye arbeidsplassar. Dette er eit prosjekt me bør støtte. Det vil vise seg om det er lurt, men fram til dagen det vil vise seg, håpar eg at me kan gi denne ideen ei offensiv moglegheitsreise.

Martin Grøslandsbråten (Sp) meinte kommunen må vere villig til å satse for å få vekst og tilføre nye typar arbeidsplassar.

– Verdiskaping skjer i privat næringsliv, det er det som finansierer tenestene me kan levere. Under koronapandemien såg me at Hol var vingeklipt når me hadde satsa alt på eitt kort, turismen. Då var me ein av kommunane med høgast arbeidsløyse.

Henning Solhaug (H) gjekk mot eiga partigruppe og var samd med Grøslandsbråten. Men han likte ikkje at desse pengane vart sett opp mot løyvingar til andre formål i kommunen, slik fleire representantar peika på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Motargumenta blir svara på i forprosjektet. Dette er eit tilbod me har fått, å kjøpe oss inn for å få i gang eit forprosjekt. Eg er ikkje sikker på at dette vil vise at dette er smart å starte med, men eg er meir enn 50 prosent sikker på at det er rett at kommunen blir med.