Kva forventar nesningane?
Nes kommune spør innbyggjarane: Kva forventar dei av helse- og omsorgstenestene i framtida?
– Me vil kome i dialog med innbyggjarane, seier rådmann Torbjørn Hansen.
Onsdag 7. oktober skjer det. På konsert- og spisestaden «På Hjørnet» inviterer kommunen til kafedialog. Stikkord er ung i dag og gammal i morgon. Kva vil folk at helse- og omsorgstenestene i Nes skal innehalde i framtida?
Artikkelen held fram under annonsen.
Fleire eldre
– Folk skal få den hjelpa dei treng. Men er det oppgåver som kan løysast på andre måtar, spør leiar ved tildelingskontoret i Nes kommune, Marit Mikkelsplass.
Bakteppet er dette: I 1957 var det sju arbeidsføre pr. trygdemottakar. I 2060 er det venta at dette talet vil vere 1,7. Med andre ord: Det blir stadig færre til å finansiere.
Meir fri vilje
I stortingsmeldinga «Morgendagens omsorg» blir det slått fast at framfor å heve terskelen for å få hjelp må det i større grad utviklast tenester som støttar opp under førebygging, tidleg innsats og rehabilitering.
Det må sjåast med nye augo på kva ei tenest skal vere og kven som skal vere med og skape den. Det blir større behov for innsats frå brukaren sjølv, familie og auka bruk av fri vilje.
– Handlar dette om pengar?
– Nei. Me er stolte over den tenesta me gir i Nes kommune. Men spørsmålet er kva slags tenester me skal yte i framtida. Me vil høyre kva folk meiner om det, seier Hansen.
Framtidas behov
Anders Vege frå Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta er invitert for å dele sine tankar om kva omsorgsbehovet vil krevje i framtida.
– Men dette er også eit møte for å bevisstgjere folk, seier Torbjørn Hansen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politikarar og representantar frå alle avdelingane i kommunen vil vere til stades. I plenum og rundt kafeborda skal folk kome med innspel og synspunkt på korleis framtidas helse- og omsorgstenester i Nes bør vere.