Nedsnøga på Ustaoset
Bussjåfør Reidar Fossgård har køyrd bussruta mellom Geilo og Haugastøl i meir enn 40 år. Omtrent like lenge har han etterlyst ei permanent løysing med skikkeleg busshaldeplass på Ustaoset.
Vinterferievekene, pluss påska er høgsesong i den hyttebaserte stasjonsbygda. Busstoppen her blir ein av dei mest trafikkerte i heile dalen. Det er tusenvis av skituristar i området, som gjerne tek buss til eller frå Ustaoset når dei skal på skitur til Geilo eller Haugastøl.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hytteeigarane på Haugastøl og Ustaoset er også flinke til å bruke tog til og frå hytta. Dermed blir busstilbodet mellom hytteområda og Geilo både populært og naudsynt for desse.
Trafikkforholda på Ustaoset og for den slags skuld Geilo, har vore til og frå i spaltene her i Hallingdølen i fleire tiår. Verdifulle område og stegvis utbygging frå ei tid då utbyggingar ikkje var gjenstand for omfattande langtidsplanlegging av trafikk- og andre tiltak, er bakgrunnen. Det er ein miks som innbyr til konfliktar.
Nett no er det på kort sikt snakk om ei løysing med lån av eit område frå ein grunneigar. Området er i dag dekka med snø, og vegvesenet vil ikkje utan vidare ta på seg å brøyte. Det meiner me er stivbeint.
Ei midlertidig løysing er betre enn inga løysing. Trafikkfarleg av- og påstigning gir rett og slett ikkje meining. Heller ikkje for Statens vegvesen.
Hallingdølen stussar også over at det ikkje er laga ei permanent løysing med fungerande busstopp på Ustaoset. Det er mogleg dette flyt bra i periodar med få passasjerar og ingen snø. Men Ustaoset er både folk og snø i sesongen, og kollektivtrafikken skal fungere også då.
Me tviler ikkje på at bussjåføren har rett når han har håpa på ei betre løysing så legne han har køyrd denne ruta. Me meiner difor at gode krefter som vegvesen, kommune og grunneigarar bør samle seg om å gje Ustaoset eit kollektivstopp som fungerer heile året.