Denne bekken stoppa all kommunikasjon i 48 timar: – Det gjekk bra under «Hans», men det er ikkje sikkert det gjer det neste gong
Hallingdal kan miste kommunikasjonen med omverda om fibernettet går ned. I Ål er dei avhengig av to fiberkablar i ein bekk.
8. august 2023: Ekstremvêret «Hans» herjar. I elva Hellinggrove i Ål ligg Telenors fiberkablar. Nesten all kommunikasjon via internett og mobilnettet er avhengige av desse kablane. Men denne dagen er vassmassane så store og elva rullar så tunge steinar, at røyra blir knust og kablane ryk.
Fleire av basestasjonane for mobilnettet går ned.
Artikkelen held fram under annonsen.
Samtidig har store skred råka hardt, særleg i Breie-grenda. Ål kommune vedtek å sette i gang ei evakuering.
Problemet er at Ål nærmast har gått inn i radiostille - og blir der i 48 timar.
– Kritisk
– Det var kritisk. Samtidig som me måtte evakuere kring 1000 personar, var me utan moglegheit til å kommunisere, seier rådmann Karsten Popp Dideriksen.
I Tingstugu på Sundre var nettet oppe, men kommunikasjonen herfrå fungerte berre éin veg.
36.000 SMS-meldingar vart sendt ut. Mange kom forsinka fram, eller nådde ikkje mottakaren i det heile.
– I telefonane her kunne ein høyre folk prate, men ein kunne ikkje prate med dei, seier Dideriksen, som sjølv var på ferie.
Tre veker etter slo «Vesle-Hans» til.
– Igjen var det på grensa til at telekommunikasjonen forsvann, fortel Dideriksen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det var då temaet for alvor kom på bordet med det sentrale spørsmålet:
Korleis sikre lokalsamfunna mot at kommunikasjonen ikkje forsvinn ved neste krise?
Nytt prosjekt
Seks månader etter «Hans» forklarar Dideriksen problema for Hallingdølen. Kommunen har sett i gang eit prosjekt med to klare mål:
– Første mål er å sikre oss så langt det er mogleg at me ikkje hamnar i denne situasjonen igjen. Mål nummer to er at me må vite kven me skal kontakte for å få nettet opp igjen.
Ved sida av han sit Jon Ola Bergaplass. Den tidlegare NRK-ingeniøren, som også var sentral i oppstarten av TV2, driv til dagleg selskapet Villmark AS. Her arbeider han særleg med fiberinfrastruktur til fotballkampar i Norge og Sverige, og har sidan 2012 vore med på å utvikle teknologiplattforma som blir nytta til Eliteserien og Allsvenskan.
Samarbeidsavtalen mellom Bergaplass og kommunen vart til etter «Vesle-Hans» då Bergaplass under eit møte sa til Dideriksen:
– Eg trur eg har kunnskapen om noko du har problem med.
Nasjonalt problem
Samarbeidet var i gang om eit tema dei meiner er eit nasjonalt ansvar.
Artikkelen held fram under annonsen.
For internett er samfunnskritisk og det meste av kommunikasjonen og informasjonsflyten stoppar opp når det av ein eller annan grunn fell ut. I august 2023 var det uvêret, men neste år eller om fem år kan det vere noko heilt anna.
I ein rapport frå 2022 slår Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) fast at fiberbrot er ei av dei vanlegaste årsakene til utfall av ekomnett. Oftast skjer det etter graveskadar, ekstremvêr eller ras.
– Halvparten av feil som blir innrapportert til Nkom, har med fiber å gjere. Det er eit viktig område å prøve å forbetre nasjonalt, meiner Bergaplass.
Nkom slår også fast at konsekvensane er avhengig av såkalla redundans i nettet. Enkelt forklart handlar det om nettet har ekstra kapasitet for å sikre stabilitet, sikkerheit og oppetid.
Eit bilete på dette kan vere ein klatrar på veg opp ein fjellvegg. Viss eitt tau ryk, kan klatraren sikre seg med å dobbelt sett med tau.
I 2022 konkluderte Nkom med at fiberbrot sjeldan er årsak til større regionale/nasjonale utfall, fordi dei sentrale delane av netta har større grad av redundans.
Men i landets mindre kommunar, som i Ål og Hallingdal elles, er nettet sårbart fordi dei ikkje har same grad av ekstra kapasitet og sikkerheit, meiner dei i Ål.
Som då kablane i Ål rauk, og alt gjekk i svart.
Artikkelen held fram under annonsen.
– All kommunikasjon i Ål er avhengig av to fiberkablar som ligg med få centimeters avstand. Fiberen rauk. Så enkelt, seier Bergaplass og Dideriksen.
Avstand i meter
– Kva er løysinga?
– To vegar inn, seier Bergaplass, og viser fram ei skisse.
Den viser at det går to fiberkablar inn til alle lokale sentralar i staden for éin. Då vil den eine halde nettet oppe viss den andre blir råka.
Nkom kommenterte noko i same retning i rapporten frå 2022 då dei understreka korleis «feil i transmisjonsnettet til Telenor føre (r) til samtidig utfall mange stader, både i Telenors, Telias og Ice sitt mobilnett».
Nkom-rapporten konkluderer også med eit behov for fleire fysisk skilte trasear til 200–300 tettstader og behov for å styrke redundansen for om lag 450 tettstader.
Bergaplass viser til at store kringkastarar i Norden har klare krav til avstand mellom fiberkablane nettopp på grunn av beredskap viss éin skulle ryke.
– Det er vanleg at dei set krav til avstand i meter mellom fiberkablane når desse blir ført inn til distriktskontora.
Artikkelen held fram under annonsen.
Korleis nå fram?
– Dette handlar utelukkande om beredskap. Me må sikre at me kan halde kommunikasjonen oppe i ei krise. Alle er samde om at dette må forbetrast. Men korleis? spør Dideriksen.
Kommunen samarbeider no med Statsforvaltaren i Oslo og Viken. Kommunanes interesseorganisasjon KS er involvert og orientert. Kontakt er også oppretta med Nkom og Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB).
– Samarbeidet med statsforvaltaren er knallgodt. Utfordringa er å finne ut korleis me skal nå fram vidare.
Dei store teleaktørane er kommersielle, som dei tre store med Telenor, Telia og Altiboks. Men Bergaplass og Dideriksen understrekar:
– Tilnærminga vår er beredskap, ikkje kommersiell. Dette er viktig for heile Norge. Det gjekk til alt hell bra under «Hans», men det er ikkje sikkert det gjer det neste gong.
Ingen nasjonal oversikt
For temaet er så alvorleg, at hadde det ikkje vore for ekstremvêret, hadde truleg ikkje den sårbare fiberkapasiteten vorte ei sak.
– Utan «Hans» ville me ikkje visst om problemet.
– Finst det ingen oversikt over fibernettet i kommunane?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Nei, det finst ingen nasjonal oversikt over kor all fiber ligg. DSB veit ikkje, heller ikkje Nkom har full oversikt, seier Dideriksen og Bergaplass.
Ordførar Solveig Vestenfor (Ap) er kritisk til akkurat det.
– Nokon må vite kor fibernettet ligg. Det er svært viktig, men årsaka er at dette er marknadsstyrt.
I januar informerte Vestenfor Stortingets transportkomité om problema. I april er ho invitert til ein konferanse som Nkom arrangerer. Det er ei moglegheit til å løfte problemstillinga.