Samfunnsteneste for alle 19-åringar?
Kunnskapsministeren står i spissen for eit framlegg om obligatorisk samfunnsteneste for alle 19 åringar i landet. I fylgje Nationen har Kari Nessa Nordtun, Ap, partilaget i heimbyen med seg på framlegget. No ynskjer ho, i fylgje Dagbladet, å gå vidare, og ideen skal vere på veg til vurdering i programkomiteen til Arbeiderpartiet.
VERNEPLIKTA som dannar grunnlaget for drifta av forsvaret er ei samfunnsplikt. Utgangspunktet i lovverket er at alle statsborgarar i løpet av alderstrinna 19 til 44 er forplikta til å gjere teneste for landet. Forsvaret får dermed høve til å rekrutterte dei som er best egna, og mest motiverte, frå alle desse årskulla.
Artikkelen held fram under annonsen.
I PRAKSIS er det ikkje slik at alle deltek. Eit årskull er på rundt 60.000 ungdommar. Forsvaret nyttar berre om lag 8000 av desse. Dermed slepp 50.000 unge i sin beste alder å bidra til samfunnet på denne måten.
Andelen som vart kalla inn var tidlegare langt større. Det var også slik at dei som av ulike grunnar vegra seg mot å tene krigsmakta, måtte søke om fritak. Dei fekk då gjere sivil teneste innan ein humanitær organisasjon, eller i det offentlege. Denne ordninga vart oppheva i 2012.
Den neste endringa på denne fronten kom i 2015. Verneplikta vart då allmenn, det vil seie ikkje knytt til kjønn. Frå tidlegare tider var oppfatninga at kvinnene gjorde si plikt, og vel så det, ved å føde barn.
Hallingdølen ser mange gode grunnar til å innføre samfunnsteneste for alle. Det vil sikre likebehandling mellom dei som blir kalla inn til forsvaret, og dei som ikkje blir det. Og ikkje minst vil det gi alle ein inngang til arbeidslivet. Det siste er viktig i ei tid då ei av dei store utfordringane til NAV ligg i å lose unge uføre ut i arbeidslivet, og dermed inn i samfunnet. Vidare vil det alltid ligge ein grad av allmenndanning i ei slik ordning.
Obligatorisk samfunnsteneste er likevel ikkje utan utfordringar. Me ser då bort frå Fremskrittspartiets ungdom som allereie har dumma seg ut med ordet «slavearbeid». Venstres Sveinung Rotevatn nyttar det noko mildare «Tvangsarbeid». (Begge i fylgje Nationen). Temaet er, etter vårt syn, verd ein noko meir avansert debatt.
Utfordringa med å utvide samfunnstenesta ut over behovet til forsvaret ligg i innhaldet. Dei unge som skal inn i ordninga må sjølvsagt få fornuftige arbeidsoppgåver. Noko anna vil setje tenesta fullstendig i miskreditt.
Me ser heller ikkje bort ifrå at dei unge i dag vil stille andre og sterkare krav til innhaldet enn det rekruttane som vart kalla inn for nokre tiår sidan gjorde. Det er rett og slett ikkje råd å samanlikne ei notidig obligatorisk samfunnsteneste, med den godt innarbeidde militærtenesta som vart bygd opp etter krigen.
Kari Nessa Nordtun fortener å få ein konstruktiv og seriøs debatt om dette framlegget. Dette handlar trass alt om kva landet treng.
Artikkelen held fram under annonsen.