«Vi har våre minner, de vil aldri dø»
– Eg var spent på korleis det skulle bli å spele på sportskafé …
Det er ein første gong for alt. Anita Skorgan har meir enn fire tiår bak seg som artist, men ho har aldri før halde ein konsert som den ho gav fredag kveld på Nystølkroken kafé i Nesfjellet.
((Qid=67B8AAF2))
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg tødde opp!
– Det er første gong på fjellkafé, og det var ei heilt ny oppleving. Eg grudde meg litt, for eg visste ikkje riktig kva eg gjekk til, men folk var så lydhøyre og fine, så det vart varmt og godt etter kvart. Eg tødde opp! seier Skorgan.
Rundt 130 publikummarar fann vegen til Nystølkroken fredag kveld. For første gong samarbeida kafeen med Hjørnet Live, som til vanleg arrangerer konsertar i Nes sentrum. Ideen? Å ta konserten til hyttefolket og ikkje motsett.
Jordnært og varmt
“Tanken min forandra seg …” opna Skorgan inne i ein fullsett kafé, og all prat stilna. Den neste halvannan timen var lokalet hennar. Mjuke, rolege låtar og nokre litt meir up-beat. Gammalt repertoar som går attende til 70-talet, og melodiar frå den nyaste plata. Jon-Willy Rydningen (tangentar) og Håvar Bendiksen (gitar og kor) bygde på kyndig vis ut eit drøymande lydbilete.
– Eg spelar berre Grand Prix-låtar eg likar, sa Skorgan midtvegs, og publikum applauderte då dei skjønte kva for song ho meinte.
“Vi har våre minner, de vil aldri dø,” song konsertgjengarane i kor, og hugsa kanskje attende til Eurovision Song Contest i 1982 og Skorgans duett med Jahn Teigen.
Kjem gjerne att
– Dette var ei veldig fin oppleving, sa Skorgan på bakrommet etter konsertslutt.
Artisten har sjølv tilknyting til området. Det gjorde kanskje konserten i Nesfjellet ekstra spesiell.
– Foreldra mine hadde hytte i Tunhovdfjellet. No er faren min død og mora mi på pleieheim, så me skal overta tradisjonane. Det gler me oss til å gjere, for den store luksusen i våre dagar er å ha ein stad der det ikkje finst lydar i det heile teke. Der oppe er det berre heilt stille, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kanskje finn Skorgan vegen attende til Nystølkroken om høvet byr seg.
– Eg var spent på korleis det skulle bli å spele på sportskafé. Eg var skeptisk til konseptet, men no skjønar eg det. Eg kjem gjerne att, om det skulle bli spørsmål om det, sa musikaren frå scena og blunka lurt til publikum.