Skiferie enda i fengsel
Ein Oslomann på skiferie i Hemsedal slo – og må i fengsel.
Mannen og kjærasten var på skiferie i Hemsedal i vår.
Han var stressa etter eit uhell på ein topptur, var på fest, vart irritert og gjekk laus på kjærasten. Ein mann på veg heim høyrde at ei kvinne skreik «ikkje drep meg». Han såg at ein mann sat over kvinna i vegen, og gjorde seg til kjenne. Den tiltalte oslomannen reiste seg opp og slo han ned.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Uprovosert vald, konkluderer Hallingdal tingrett.
Den fornærma mannen gjorde ikkje noko anna enn å gjere seg til kjenne. Tiltalte hugsa ikkje noko, men angra etterpå. Forsvararen hans meinte at noko av straffa burde vere på vilkår. Det var ikkje retten samd i, og dømde han til fengsel i 120 dagar. I tillegg må mannen betale 968 kroner i erstatning og 2000 kroner i sakskostnader.