Denne bilen fekk vanskar på Rv7 forbi Nesbyen fredag morgon.

Fjellovergangane opne - men køyr forsiktig!

Det er ingen stengde vegar over fjellet fredag morgon.

Men nedbøren det siste døgnet gjer køyreforholda utfordrande. Det skal lite til før ein får sleng på bilen.

Det fekk ein sjåfør erfare på Rv7 forbi Nesbyen i morgontimane. Kassebilen kom ut på kanten og enda i grøfta. Det måtte bergingsbil til for å få køyretøyet på vegen att.

Artikkelen held fram under annonsen.

Yr.no melder om gråvêr utover dagen. I Nesbyen er det lett snøvêr fram til ved 12-tida. Sola ser me lite til i dag, men det er stabil temperatur på minus 6-8 grader. Og lite vind.

Slik er meldingane også for laurdag og sundag. Slik det ser ut no, blir det lett snøvêr på kvelden nyttårsaftan.

For siste oppdateringar over fjellet klikk her

Vy melder ikkje om trafikkvanskar fredag. Torsdag var Bergensbanen stengt på grunn av ras i fjellet, noko som råka 480 passasjerar på nattoga. Fredag går toga som normalt att.