Kva gjer ein med tunge yrke, til dømes innanfor omsorgssektoren, når pensjonssystemet skal fornyast.

Slitarane skapar besvær for pensjonsreforma

Regjeringa har lagt fram forslag til pensjonsreform. Det grunnleggande i reforma er å auke pensjonsalderen i takt med kor lenge me lever.

Levealderen i Norge er i galopp. Berre frå 2011 til 2021 auka levealderen her til lands med to år. Frå 1971 til 2020 auka den med ti år for menn og sju for kvinner - dei siste starta med eit forsprang. Ungar fødd i 2021 kan rekne med å bli 84 år gamle dersom dei er kvinner, 81 viss dei er menn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utviklinga i levealder er i seg sjølv eit mirakel. Den spenner frå alt frå medisinfagleg utvikling til kosthald, mosjon, arbeidsmiljø og trafikktryggleik. Berre for å nemne noko. Ikkje minst har pensjonsalderen betydning for kor lenge me lever.

Vilkåra for pensjon kan sjølvsagt ikkje endrast over natta. Nyordninga er tenkt å gjelde for dei som er fødd etter 1964. Det skal vere trinnvis innføring, der pensjonsalderen blir auka med om lag eitt år for kvart tiår. Ein arbeidstakar som er fødd i 1984, når pensjonsalder ved 69 år. Ein som er fødd ti år seinare, må arbeide til fylte 70.

Hallingdølen ser dei føreslåtte endringane som rimelege. Dei har ligge i korta i lengre tid, ikkje minst etter kvart som betre og betre levealderstal kom på bordet. Så har då også framlegget, stort sett, vorte godt motteke ute i samfunnet.

Debatten rundt denne saka har likevel fått eit noko absurd trekk. Dei som har dei tyngste jobbane og slit mest skapar størst problem for reforma. Det er difor sett ned eit eige utval som skal sjå på løysinga for dei som blir kalla slitarane.

Alle er samde om at kontorfolk ikkje er slitarane. Men så, kven er dei? Bakteppet her er ein, etter vårt syn, litt gamaldags debatt om kven som er mest verdig heideren slitar. Må ein ha stått i grøfta, eller gått døgnkontinuerleg skift i industrien? Eller held det med turnus på sjukeheimen for å bli heidra som slitar? Kort sagt kva er tilstrekkeleg slit?

Her gjeld det å heve blikket og å vere romsleg med andre menneske. Kan ein lærar, etter år med stadig meir urolege elevar i klassane, vere ein slitar? Kan ein seljar etter 40 år med krysspress frå krevjande kundar, og frå ein resultatorientert arbeidsgjevar, vera ein slitar?

Arbeidstakarar, anten dei brukar hammar eller pc i jobben, har minst ein ting felles når dei går tom, møter veggen, eller slit seg ut fysisk: Det kan halde hardt å behalde verdigheita som arbeidstakar dei siste åra fram til 70.

Romslegheit og vidsyn er difor det som må til for at regjeringa saman med Stortinget og partane i arbeidslivet skal kunne finne fram til ei god og verdig løysing her. Me har godt håp om at dette vil skje.

Artikkelen held fram under annonsen.