Snøskredfaren er reell sjølv i faregrad to: – Den gamle snøen har vorte kjempesvak
Med faregrad to og lite snø i fjellet kan skredfaren bli tatt for gitt. Ver obs, seier forskar.
Snøen kom tidleg i år, og det har vore kaldt lenge.
– Den gamle snøen har vorte kjempesvak, seier forskar hjå NVE, og skredekspert, Markus Landrø.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ta lokale omsyn
Han forklarar at det ligg skjøre krystallar under laga med den nye snøen som er komen.
– I utgangspunktet er det veldig dårleg og ustabilt snødekke, men faregraden er ikkje høgare, fordi det er lite snø generelt.
Han seier derfor at ein må ta lokale omsyn.
– Måten ein kjem fram til faregraden er å måle kor ustabilt det er, kor mange stader det er ustabilt og kor store skreda kan bli, seier Landrø.
– Det er mange ulike kombinasjonar. Seier ein at det er ustabilt nokre stader, men at skreda kan bli store, er det høg grad. Er det ustabilt nokre stader og skreda kan bli små, får ein låg faregrad.
Faregraden i Hallingdal er i dag på to av fem.
– Det då er det fort gjort å tenkje at det er trygge forhold. Men då må ein forstå kva faregraden faktisk er. I faregrad to er det også slik at det er lett for deg som skiløpar å utløyse skred i bratte heng.
Landrø seier desse skreda kan ha store konsekvensar om dei skjer i tett skog.
Artikkelen held fram under annonsen.
Unngå skredterreng
Med snøen som har kome dei siste dagane kan mange bli freista til å ta seg ein tur «off-pist», her meiner Landrø at ein må vera varsam.
– I fjellet er det framleis skrint med snø. Då er det naturleg å søkje område kor det faktisk ligg snø, men der må ein vera OBS!
Det luraste er å unngå skredterreng, seier forskaren.
– Det betyr å unngå terreng over 30 grader.
Om ein vil vera heilt på den sikre sida tilrår han å bruke Varsom-appen.
– Der kan ein sjå om ein beveger seg i skredterreng eller ikkje.
– Korleis ser det ut framover?
– Det er eit skjørt fundament, så det me kan håpe på no er eit mildvêr som gjer at dette søkk saman og smeltar. Alternativt kjempemykje snø på toppen av problemet. Men det me har i botn no er ikkje eit godt utgangspunkt for resten av vinteren.
Artikkelen held fram under annonsen.