Kommunen må rive låven på Båstø
Låven på gardsbruket Båstø i Hemsedal er så dårleg at kommunen ser seg nøydd å rive han.
Båstø skulle i 2011 bli skuletomt for Norges friluftshøgskule, men etter år med samarbeid med Universitetet i Stavanger er det for lengst klart at det i alle fall ikkje blir noko skulebygg. I 2015 var det sett av 150.000 kroner i budsjettet til nytt avløpsanlegg, men no er det klart at ein må bruke like mykje på å rette opp stabbur og rive fjøset. Det er registrert større roteproblem og det er frykt for fallulykker, og fare for takras av både skifer og plater.
I løpet av dei neste to åra må kommunen også avklare kva for regulering eigedomen skal ha og kva ein vil med kommunalt eigarskap, heiter det i rådmannens handlingsprogram og økonomiplan for 2016–2019.