Tapte med to – sleppte inn sju
Korkje Hallingdal FK eller motstandar Strømsgodset kan vere nøgd med forsvarsspelet etter oppgjeret tysdag kveld.
Hallingdal FK drog til Drammen for å sikre tre viktige poeng mot Strømsgodset 3, men fekk det tøft allereie frå start.
Etter kring halvspelt omgang stod det 2–0 til vertane. Trass i redusering frå Kjetil Lien kom Godset tilbake og leia 3–1 til pause.
Artikkelen held fram under annonsen.
I andre omgang gjekk heimelaget opp i både 4–1 og 5-1, før Kjetil Lien reduserte til 5–2. Kampen utvikla seg etter kvart til eit målkalas, med dårleg forsvarsspel og store sjansar til begge lag.
Kalassiffer
Hallingane kom tilbake, og Lien scora ekte hat-trick då han reduserte til 5–3.
Også Abdi Isak var frampå og sette inn to mål i andre omgang, men det heldt ikkje når også Godset scora to. Då dommaren bles av kampen stod det heile 7–5 til heimelaget.
– Utruleg bittert å score fem mål på bortebane og ikkje få med seg poeng, skriv trenar Jansen på klubben sine heimesider.
Fall frå toppen
HFK ligg no på fjerdeplass på tabellen, etter å ha sanka berre fire poeng på dei fem kampane dei har spelt i haust.
DBK leiar no serien med 42 poeng, eitt poeng bak ligg ein trio beståande av Svelvik, Solberg og HFK. Hallingane held fjerdeplassen på dårlegare målskilnad enn dei to andre laga, men har spelt ein kamp meir.
Med sigeren tysdag knappa Strømsgodset innpå forspranget, og ligg berre fire poeng etter hallingane. No treng HFK poeng om håpet om opprykk skal leve vidare. Neste måndag møter dei Solberg til toppkamp på bortebane.