Ikkje meir å kutte
Det er ikkje meir å kutte. Dette er den klare meldinga frå utvalet som har med skule og helse å gjere i Hemsedal. No må ein sjå på inntektssida.
Inntektssida i denne samanheng betyr til dømes å innføre eigedomsskatt.
– Det var ikkje så mange som ville seie det ordet høgt, så me samla oss om ein annan ordlyd, seier Håvard Venås (KrF), leiar i hovudutval for livsløp.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Etatane er nedskrapa
Økonomiutvalet sende nyleg rådmannens budsjettforslag for 2015 til livsløp med ei bestilling om å finne område dei kunne kutte i. Det var ikkje mykje å finne, skal ein tru utvalsleiaren.
– Me føler etatane er nedskrapa. Det er alt skore til beinet. Me skulle sjå på mogelegheitene for å omfordele for å kunne finansiere ein sosiallærar, men ser ikkje rom for det. Me kan ikkje kutte ein stad for å auke ein annan.
Kan droppe «politikarløn»
Utvalet var samd om denne formuleringa: Me er «uroa for den økonomiske situasjonen i kommunen og ynskjer å sjå på moglege inntektskjelder for å få større handlingsrom».
Utvalet ser ei negativ økonomisk utvikling innanfor livsløp sine sektorar. Det kjem stadig nye lovpålagde tenester som gir økonomiske utfordringar for kommunen.
– I 2015 må kommunen også tilby aktivitet innan området demens. Det er ein ny post som me enno ikkje veit kor stor vil bli.
– Det luktar av eigedomsskatt?
– Kanskje, eller me kan redusere politikarane si godtgjersle. Kommunestyret må i alle fall ta grep for å gjere noko med inntektssida.
– Men eigedomsskatt tek tid å innføre?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ja. Hadde me tatt grep før, kunne me hatt handlingsrom no, seier Håvard Venås.
Kommunestyret skal vedta budsjettet 4. desember.