Ryktet om død hyttemarknad er overdrive
Spådommane har vore mange og dystre. Auka rente og høgare priser skulle kvele hyttemarknaden.
Slik har det til no ikkje vorte. Ein runde i næringa lokalt fortel om nedgang, men ikkje om full stopp.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hytte- og byggenæringa er viktig i Hallingdal. Det viktigaste ved den er sjølvsagt god lønsemd og stabile varige arbeidsplassar. Det er difor gledeleg at ikkje alt turkar inn.
Ser me historisk på det så har Hallingdal vore eit einaste stort utbyggingsområde heilt sidan andre verdskrigen. Kraftutbygginga, næringsbygg, industrireising, offentleg bygging, bustadbygging og hyttebygging har pågått kontinuerleg.
Den folkelege spådommen om at; no må det vel gje seg, har ikkje vorte oppfylt. Redusert utbygging innan ein sektor, har alltid vorte erstatta av oppgang i ein annan.
Hyttemarknaden er likevel spesiell. Alle må ha ein stad å bu, men ikkje alle må ha hytte.
Hytte er eit overskotsprodukt. Lønskontoen må gå i pluss kvar månad før det blir aktuelt å kjøpe fritidseigedom.
Dyrtida med pris- og renteauke har ikkje klart å stoppe hyttemarknaden heilt. Det skuldast ganske enkelt at det framleis er mange som har råd.
Sagt meir brutalt. Dei som er hardt ramma av dyrtida, ville ikkje vore på hyttemarknaden uansett.
To andre faktorar spelar inn. Hyttenæringa i Hallingdal har halde seg i skinnet, og ikkje satsa for høgt. Slikt svarar seg når nedgangen kjem.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mantraet til eigedomsmeklarane er den andre faktoren: Beliggenheit, beliggenheit, beliggenheit. Hallingdal er og blir eit attraktivt fritidsområde for svært mange.