Oppmodar om å ta kontakt om du treng å prate: — Er du i tvil, så gjer det
Etter dødsulykka på Torpo onsdag har fleire teke kontakt med psykososialt kriseteam i Ål kommune. - Det er viktig med ein rask debrief. Teamet står klare for å prate med dei som treng, seier ordførar Solveig Vestenfor.
Fleire har alt teke kontakt med psykososialt team etter Ål kommune gjekk i beredskap etter dødsulykka ved Rv7 på Torpo i Ål onsdag kveld.
Ta kontakt
– Det var mange lokale som vart råka som vitne, deltok i hjelpearbeid og som såg mykje fælt som følge av ulykka. Kriseteamet reknar med at det er fleire som kan ha behov for å prate med nokon, seier Vestenfor til Hallingdølen torsdag morgon og legg til:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Og det kan vera lurt å gjera raskt for dei som kjenner at dette var mykje å ta inn over seg. Om du er i tvil - gjer det. Ikkje tenk at andre har det verre enn deg.
Informasjon finn du på heimesida til Ål kommune, eller du kan ringe servicekontoret.
Etter det Vestenfor kjenner til skal det ikkje vera pårørande til ulykka lokalt.
– Stor tragedie
Ho beskriv dødsulykka som ein djup tragedie, der to mista livet og fem er flogen til sjukehus av dei åtte involverte.
– Rv7 er på kartet att som ulykkestrekning. Det er forferdeleg trist kvar gong det skjer. Det er mykje å jobbe med framover og erfaringar å ta med seg, seier Vestenfor.
– Kva av hjelpeapparat er i sving lokalt?
– Me har fem personar i kriseteamet, som har vore ute ein vinterdag før. Dette er dei vane med og gode på. Slik sett, har dei den mest aktive rolla no. Kommunens rolle er å sjå til at folk får den hjelpa dei treng, forklarar Vestenfor.
Prost i Hallingdal, Sveinung Hansen, fortel at kyrkja har kontakt med kommunen og bidreg inn i kriseteamet etter behov.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dette er berre tragisk. Me ventar for å sjå om det er behov for open kyrkje. Det kjem an på kvar dei mest råka held til og så langt veit me lite, seier Hansen til Hallingdølen.
Takkar innbyggarar
Vestenfor vil nytte sjansen for å takke innbyggarar i området som stilte opp for å bidra då tragedien råka.
– Hallingdal brann og redningsteneste har vore sentral, men me veit mellom anna at folk tok på seg å lose bilar ut på bygdevegar på eige initiativ då ikkje riksvegen var framkomeleg for å hindre meir kaos, forklarar ho.
Vestenfor minner om at om folk sit på viktig informasjon om ulykka, ta kontakt med politiet.