Dødsulykka: Rv7 open att
Rv7 var heilt stengt mellom Gol og Torpo fram til torsdag morgon. Men ikkje lenge etter klokka 06 vart vegen opna for vanleg trafikk.
Statens vegvesen hadde først lagt inn ei rekna sluttid for stenginga rundt klokka 02 natt til torsdag. Men tidleg torsdag morgon var vegen framleis stengt.
På vegvesenet sine sider hadde dei sett ny sluttid til klokka 07, men vegen opna altså cirka ein time tidlegare enn rekna.
Artikkelen held fram under annonsen.
Både kriminalteknikarar frå politiet og ulykkesgruppa jobba på staden utover natta for å prøve å kartlegge kva som har skjedd.
Den tragiske ulykka skjedde cirka klokka 17 onsdag, ein knapp kilometer frå den austre avkøyringa ved Torpo. Trafikken vart ståande i begge retningar.
Ulykka kravde to menneskeliv, mens fem personar er definert som kritisk skadd. Dei blir behandla ved Ullevål sjukehus.